Eventyret over for denne gong

Bremanger-jentene nådde langt, men måtte gje tapt i andre kamp i A-sluttspelet.

Bremanger-jentene nådde langt, men måtte gje tapt i andre kamp i A-sluttspelet. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Bremanger sitt jentelag, Svelgen sitt gutelag og eit FSK-jentelag gjekk ut av turneringa onsdag. Men J15, 7-arlag, er framleis med.

DEL

FSK sitt 7-arlag for jenter 15 år spelar 1/8-delsfinale torsdag føremiddag. Dei vann 1/16-delsfinalen med 6-4 over Langesund. Dei møter Gaular IL.

FSK J15/16 med 11-arlag, rauk ut av B-sluttspelet i går. Dei vann først 1-0 mot Korsvoll i 1/16-delsfinalen, men så rauk dei 3-0 mot Tune IL seinare på onsdag.

Bremanger-jentene vann sin første kamp i A-sluttspelet, men rauk onsdag ettermiddag ut etter å ha tapt 0-2 mot Høybråten og Stovner, eit Oslo-lag.

Svelgen-gutane i klassen 13-14 år tapte klart mot Åndalsnes med 1-4. Rapportane frå kampen indikerer at sigeren kunne ha vore større. Synd, for STIF-gutane spelte veldig gode kampar så langt i turneringa.

Artikkeltags