Vann Dana Cup i "grønadrakti"

Elemine Josefine Ellingsund Øyra kunne løfte "bøtta" på Dana Cup med J-16 laget til Kaupanger

Elemine Josefine Ellingsund Øyra kunne løfte "bøtta" på Dana Cup med J-16 laget til Kaupanger Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Laurdag slo Kaupanger sitt j-16 lag Forus & Hausel 2–0 i finalen i Dana Cup. Kaupingane hadde ikkje sleppt inn eit einaste mål i turneringa, og det med ei jente frå Eikefjord på laget. Elemine Josefine Ellingsund Øyra spelar til vanleg på Eikefjord/Tambar, men hospiterte hos Sogn og Fjordane sitt flaggskip i damefotballen under turneringa i Hjørring. Øyra som no spelar for Eikefjord/Tambarskjelvar på Norway Cup spelte offensiv midtbane og venstre kant for Kaupanger.

– Det var utruleg kult å vere med. Vi hadde det veldig artig i lag og skapte mange minner i lag. Det å vinne Dana Cup var utruleg stort og er eit minne eg kjem til å ta med meg resten av livet, fortel eikefjordjenta frå Norway Cup.

Artikkeltags