Eikefjord gjekk til pause med 2-0 og nokre på den opprykkspynta stadion hadde teke sigeren på førehand. Men Årdal reduserte tidleg i 2. omgang og var nær ved å utlikne like etterpå. Børge Langedal auka i staden leiinga til 3-1, men gjestane var langt frå rista av. Dei reduserte først til 3-2 før dei utlikna minuttet før full tid.

To minutt på overtid stod kaptein Odd Magne Øren fram. Han hadde krampe i begge bein, men gjekk på løp og fekk kippa ballen over keeper til 4-3 til grenselaus jubel. Like etterpå vanka det opprykks champagne i garderoben.

Ville vinne

Eikefjord hadde før kampen vore tydleg på at å berre kjempe for det eine poenget som skulle til for å sikre andreplassen i divisjonen og dermed opprykk, aldri var eit tema. Dette kom tydleg til uttrykk då Årdal 2 utlikna minuttet før full tid. Og at det var Odd Magen Øren som stod fram og scora det avgjerande målet var heller ikkje tilfeldig. Han har vore Eikefjord sitt sterkaste kort på midtbana i fleire år og viste til gangs at han var kapteinsbindet verdig då han verkeleg gjekk i kjellaren og scora vinnarmålet på overtid.

– Vi er gode nok, og dette fortente vi, kom det frå Øren etter å ha blitt overfalt av lagkameratane etter scoringa som sikra sigeren.

Eikefjord har vunne kalassiger mot ei rekkje lag før dei møtte Årdal 2 i den siste heimekampen. Og det skal vere sagt at indresogningane gav Eikefjord kamp til døra slik at det vart så spennande som det bør vere skal eit lag kjempe om å rykke opp ein divisjon.

Høvla

– Eg gav spelarane mine ein overhøvling etter første omgang, og i andre omgang spelte vi langt betre. Men det er klart skal kunne vinne mot Eikefjord går det ikkje å berre vere periodevis gode, seier Årdaltrenar Geir Kjetil Øvstetun. Han meinte Eikefjord ved sidan av Florø har vore dei to beste laga i år, noko tabellen også seier. Han kunne også fortelle at dei hadde klart å mønstre eit sterkt lag i møte med Eikefjord.

– Eikefjord er gode nok for 3. divisjon, det skal det ikkje vere noko tvil om, fortalde Øvstetun og gratulerte Eikefjordingane med opprykket.