Under båtmessa Flo & Fjære vart Den store sykkeldagen arrangert på torget. Dit hadde proffsyklist i biketrial, Eirik Ulltang, reist for å vise fram sporten sin. Etter showet fekk Andrine Steindal (10) frå Flora Cykleklubb prøvd seg.
– Du må vere som ein apekatt. Heilt laus i ledda og berre følge etter med rørslene. Sjølv om sykkelen går til venstre skal du halde deg i ro. Mjuke ledd, forklarar han tolmodig medan Andrine prøver å unngå å velte.
Så lett som det kan sjå ut når Ulltang sjølv hoppar gjennom løypa er det ikkje.
– Eg har trass alt sykla i 18 år. Det tek tid å lære seg teknikken, forklarer han.
Den store sykkeldagen er det Flora Cykleklubb som står bak. Sykkelklubben med kring 100 medlem driv i hovudsak med landevegssykling.
– Vi har henta Ulltang hit i dag fordi trialsykling er litt annleis og det er underhaldande å sjå. Dessutan er det viktig for oss å vise fram breidda i idretten vår, seier leiar Jens Petter Kjelsnes.
Per i dag er det ingen i klubben som driv med trialsykling, men Kjelsnes utelukkar ikkje at det kan komme i framtida.
– Kjem det ungdommar og unge til oss som vil starte, er vi heilt opne for det, seier han.