Gå til sidens hovedinnhold

Darth Vader?

Artikkelen er over 7 år gammel

Det kan både høyrast og sjå slik ut, men det er berre eit frivillig handikap.

Lars Bjørbæk (30) er ein lidenskapleg løpar. Han vekte ei tid stor merksemd då han sprang på stiar og vegar i Florø berrføtt. Tysdag møtte vi han med vektvest og ei såkalla "Evelation-maske" trippande nordover Kinnvegen. Ved første augekast såg det ut som han sprang rundt med ei gassmaske. Og på sett og vis er det riktig. Dette er utstyr som skal redusere oksygenopptaket.

- Stor effekt

- Eg meiner det har stor effekt. Eg har ikkje nytta den mykje, men berre etter tre gongar meiner eg bestemt eg merka ein positiv endring, fortel Bjørbæk.

Maska kan du stille inn på høgder i frå 1000 til 10.000 meter over havet. Til liks med langdistanseutøvarar som trenar i høgden, så vil ei slik maske lure kroppen til å tru at lufta er tynn. Kroppen produserer då fleire raude blodlegemer som kan transportere oksygenet ut til musklane i kroppen. Med andre ord; gi deg betre kondisjon.

- Eg brukar den når eg trenar intervalltrening. Med ei slik maske tvingar du kroppen til å jobbe hardare slik at du kan gjere unna treninga på kortare tid, seier han.

For å gjere det endå tyngre spring han med ein vektvest der han legg i strø med ulik tyngde alt ettersom kor tungt han vil trene.

Trenar kvar dag

Lars Bjørbæk trenar kvar dag og ofte fleire økter. Barfotløpinga starta han med fordi han hadde ein skade i kneet. Men no er han betre, likevel kjem ikkje skorne på igjen. No brukar han minimalistsko eller barfotsko som ikkje har noko støtte eller demping slik vi finn i konvensjonelle joggesko.

- Barfotløping har fungert for meg, men gjer ikkje det for alle. Det er viktig å trene inn god teknikk, får du det til landar du mjukare slik at du har mindre belastning på skjelettet.

I tillegg til at han klarer å trene like mykje utan å kjenne noko til kneskaden, er det ei litt større utfordring å springe utan sko. Og utfordringar likar 30-åringen. Effekten av høgde-maska, vektvesten og intervalltreninga med barfotsko ønskjer han å hente ut under Bislett-mila i Oslo 14. juni.

- Målet mott er å springe på 35 minutt. Utover det er målsettinga å gjennomføre eit ultramaraton på 100 kilometer utan sko på beina, poengterer Bjørbæk. Det er vel det vi kan kalle ei utfordring.

Kommentarer til denne saken