Bremanger fekk juling i Årdal, sendt heim med 7–0 i sekken

DEL

Der Florø 2 starta haustsesongen på best mogleg vis, gjekk det ille for naboane i nord. Bremanger drog til Årdal med ein plan og å ligg lågt og slå langt. Det fungerte heime i vår, då vann dei 2-0, men i Årdal haldt det ikkje i det heile tatt.

Forsvarsmuren heldt stand i 36 minutt, og Årdal gjekk til pause med 1–0. I andre omgang blei det verkeleg stygt. Årdølane gav seg ikkje før det sto 7-0, og alt ligg dermed an til god stemning på Målrock på Årdalstangen i kveld.

Etter resultatet i dag har Bremanger falt ned på nest siste plass, medan Florø 2 har klatra to plassar opp til ein niande plass.

Artikkeltags