Sjå direkte: Norge og Hanne Løkkebø Nybø møter Estland i Basket-EM

Det norske jentelaget i G16-EM spelar si andre kamp i sluttspelet fredag. Kampen kan du sjå her klokka 18.15

DEL

Torsdag spelte Norge si første kamp i sluttspelet i EM i basket for G16-lag i Montenegro, og det blei ein komfortabel siger over Irland med 64–50. No er jentene godt i rute til ein historisk plassering. Slår dei Estland på fredag har dei tangert den beste plasseringa noko aldersbestemt norsk basket-lag har gjort i eit europameisterskap.

– Nå er vi oppe og lukter på ein god plassering i EM, og eg er veldig godt fornøgd med at jentene faktisk forstår at dei er gode og kan spele mot nesten kven som helst. Dei står imot heilbanepress og mann-mann-press og alle typar forsvar motstandarane møter oss med, sa U16-coach Ellen Hamremoen til Basket.no etter den strake tredje sigeren i B-EM.

Fredag kveld ventar Estland, som Norge tapte 53–60 for i opningskampen. Norge tapte også for Estland i det nordiske meisterskapet. Etter å ha vore i leiinga heilt til det sto att 19 sekund av kampen tapte likevel dei norske jentene kampen med 63–64. Det er med andre ord eit revansjesugent lag som stiller på bana i kveld.

– Eg syns Estland har sett veldig bra ut, men det er fullt mogleg for oss å vinne, seier Ellen Hamremoen.

Artikkeltags