– Åsen opp uansett ver

Artikkelen er over 12 år gammel

FLORØ: Speidargruppa "Vandrarane" skal selje vaflar, varm saft, kaffi og te på toppen av Brandsøyåsen under terrengløpet Åsen Opp laurdag. Dei håpar mange mosjonistar, tilskodarar og konkurrentar hugsar pengeboka og legg på veg mot toppen.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Rune Osa, leiar i FTIF, garanterer at terrengløpet Åsen Opp vert arrangert uansett kva vêrgudane slår til med. Han lokkar med T-skjorte til alle deltakarane og flotte premiar som turar til Tyskland, Oslo, Bergen (trekning på startnummer) og gåvekort hos G-Sport på sko, og han gler seg over at speidarane stiller med varm drikke.

– Det er heilt supert. Eg veit dei sparer til ein tur til Sveits, så eg håpar folk stiller opp og støttar dei. Og det vert veldig fint med noko varmt å drikke når det har vorte så kaldt. Både speidarane og turlaget planlegg å sette opp kvar sin lavvo på toppen, og dei kjem til å tenne opp bål om vindforholda tillet det.

– Kva om traseen frå Krokane skule vert isete og farleg?

– Alle må hente startnummer på Krokane skule laurdag føremiddag, og då vil alle verte informert om løypa. Vert løypa for farleg, vert start flytta inn til bommen i Brandsøy. Då vert planteskulen med kantine og garderobar base, og løpet går opp asfaltvegen. Men vi håpar det vert kaldt og tørt snøføre, for då vil løypa gå frå Krokane skule, over Krokåsen og opp på toppen og verte fin å springe, meiner Osa.

Artikkeltags