Gå til sidens hovedinnhold

Spesialepisode med Sondre Berg Brandsøy

I frykt for å bli firkanta, trer Tempopodden ut av sin vande omgangssirkel, og inviterer ein vaskeekte skodespelar til å fullbyrde podcast-triangelet i dagens bonus-episode.

Sondre Berg Brandsøy fortel om livet som skodespelar, og deler sine erfaringar med dei to tidlegare revystjernene i studio. Ein får mellom anna høyre om korleis det er å vere på innspeling med Aksel Hennie, og om den gangen han vart skjelt ut av Harald Zwart. Ein får også høyre Kristian bli kasta under bussen, i eit innslag så vondt å høyre på, at ein kniv i øyret ville vert å føretrekkje, og Røde Eggen er tilbake.

I tillegg til dette, prøver Kristian å kombinere Thor Heyerdahl-parodiering med Tony Stark-sitering, Benjamin fortset å vise sin enorme allsidigheit som vokalist, og Sondre blir konfrontert med ferdigheltane han har sett opp på CV-en sin

Kommentarer til denne saken