No skal julefeittet vekk

Dagleg leiar Geir Arne Nilssen og resepsjonsansvarleg Nathalie Lie er klar for nok eit sprekt år.

Dagleg leiar Geir Arne Nilssen og resepsjonsansvarleg Nathalie Lie er klar for nok eit sprekt år. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Spenst har runda 1000 medlemmar, men vil hjelpe endå fleire å halde nyttårsforsetta.

DEL

Det er nok mange av oss som nyttar det nye året for å sette nye mål (eller vidareføre gamle). Nyttårsforsetta handlar ofte om å bli betre på noko, og trening og kosthald trumfar høgt på mange sine lister. Det merkar i alle fall treningssentera godt, som har høgsesong i januar.

– Dette blir vår første januar her i Florø, så det blir spennande å sjå om vi merkar trenden like godt her som i resten av landet, seier resepsjonsansvarleg på Spenst Florø, Nathalie Lie.

Les også: Stod i kø for å trene på Spenst og Vil vere folkehelseaktør

Treningssenteret, som opna i august, sette seg då eit mål om 1000 medlemar. Dette nådde dei, knappe fire månadar etter oppstart.

– Det er vi veldig fornøgd med, i tillegg til at vi reknar med at endå fleire melder seg inn i januar, seier Lie.

Startar i jula

Og medan nokon ventar heilt til januar, er andre godt i gang. For Spenst har hatt stor pågang også i juleferien.

– Vi hadde ein oppsving i tal selde korttids-abonnement, dei fleste til studentar som kjem heim til jul. Så det har absolutt vore folk her i romjula, fortel Lie.

Og mange fant spreke julegåver under treet i år, då treningssenteret var utseld for alle gåvekort lenge før jul.

– Spesielt var massasjetimane populære, og vi kunne heilt sikkert seld endå fleire. I tillegg er årskort og klippekort popolære julegåver.

Nytt i 2016:

4. januar startar senteret med ny timeplan, og skal no tilby endå fleire morgontimar.

– Morgontimane var veldig populære, så dei blir det nokon fleire av. I tillegg held vi fram med meir skjenetrening og basisball, som vi såg var veldig populært, avsluttar Lie.

Artikkeltags