Gå til sidens hovedinnhold

Spenn klar med sommarens mest sjarmerande festival

Svanøy Folkeakademi er klar med det aller meste til ein intim og sjarmerande festival siste helga i august.

Solgangsfunk og Buskspel byr på nokre større konsertar på kulturscena på Svanøy Hovudgard, men kombinerer det med mange intimkonsertar gjennom helga kring om på Svanøy. Både heime hos folk og på Norsk Hjortesenter, Kjellarhuset på hovudgarden, Galleri Svanøe og nytt i år, på Svanøy Båtbyggeri. Festivalen legg vekt på å ha ein høg miljøprofil og breidde i programmet som gjer helga veleigna ein familietur.

Sjangermessig er det opning for det aller meste, alt frå klassisk musikk, jazz, blues, rock, folkemusikk, visesong og teater.

I år blir det både funk, blues, polka, tango, jodling og shanti-stemning.

Som sist har Halvard Lunde ein finger eller tre med i spelet på det kunstneriske, medan leiar i Svanøy Folkeakademi, Leni Myklebust, har begge hender på rattet når det gjeld logistikk og administrasjon.

– Det er konsertane på Kulturlåven som er lagt ut for sal så langt, resten blir lagt ut etter påske. No håpar vi at koronaepidemien og verda er på ein litt anna stad enn i dag når vi kjem til slutten av august. Då kan vi utvide talet på billettar for sal, fortel Leni Myklebust

Årets første artistar, Anita Nordheim Blues n' Groove Company, Mrs. and the Pitifuls og Polkabjørn og Kleine Heine er lagt ut for billettsal.

Men det kjem meir. Mykje meir. 17 show er klarert totalt sett. På lista over artistar som har sagt ja til å komme er Steinar Karlsen, mannskoret Gammen, Bella Tango, Kwakandu, og Dalsbø. Kort oppsummert- kortreist kvalitet i lange baner.

Les også

Forvandla Svanøy til kulturoase i helga

Les også

Folkeakademiet Svanøy er eit lokalt, kulturelt kraftsenter. No er dei kåra til «Årets folkeakademi»

Kommentarer til denne saken