Gå til sidens hovedinnhold

Spenn klar i startgropa for landbasert

BULANDET: – Vi reknar med å vere i drift med piloten i april og har no fått tilsett dyktige folk som skal drifte anlegget.

Vi møter to av gründerane, dagleg leiar Hans Haddal og rådgjevar Ola Sveen på den hektiske byggeplassen på Gjørøy i Bulandet. Etter veker med synnjakuling og haustregn, skimtar vi endeleg sola gjennom nokon revner i det drivande skylaget. Gravmaskinene er i full sving med gravearbeid til sjøvatn-inntaket mot nord og på sjølve anleggsområdet, der dei første kara er komne på plass i byggegropa godt under havnivå. Sjøvatn skal pumpast inn i eit høgdebasseng 5 meter over havnivå, som gir naturleg trykk på vatnet gjennom anlegget.

Friskt sjøvatn

– Her har vi tilgang på ubegrensa med friskt sjøvatn frå Nordsjøen, heilt fritt for lakselus. Det er den største naturgitte fordelen i det vi kallar Bulands-modellen. Anlegget skal driftast med fiskekar i grupper på fire med kvart sitt maskinrom i sentrum, fortel Ola Sveen, som er bransjeveteran med mykje internasjonal erfaring.

– Det er Ola som har utvikla mange av løysingane våre, understrekar Haddal.

– Vi satsar på gjennomstrøyming av friskt sjøvatn, og skal prøve oss fram med ein del gjenbruk av vatnet. Ideen er å få til ei enklare drift utan biofiltrering og dei teknisk avanserte løysingane som du finn i eit RAS-anlegg, forklarer han.

Dei satsar på ei eigenutvikla løysing der avfallstoffa i produksjonen skal sedimentere naturleg og bli teke ut av sirkulasjon i botn på kara. Vidare skal dei i teste ulike straumhastigheiter for å trene fram ein sterk og sunn fisk. Samarbeidspartnarar på forsking og utvikling er Akvahub, Universitetet i Bergen og forskarmiljøet i Norce.

Investorar på plass

Første byggetrinn er finansiert i samarbeid med Norne Securities. Investorar som Aquaculture Innovation AS, Jakob Hatteland og Karstein Gjersvik satsar tungt på selskapet.

Les også

Samarbeider med Landøy om oppstartfasen

Bulandet Miljøfisk investerer kring 150 millionar kroner i første byggetrinn, som skal sysselsette 5-6 personar. I første byggetrinn vil selskapet produsere om lag 1000 tonn fisk årleg i piloten i prøveperioden på tre år. Planen er å sette ut 100 grams smolt og i første omgang selje denne som postsmolt på storleik opp til ein kilo. Det langsiktige målet er å drette opp slaktefisk på 4-5 kilo med konsesjon på 5 500 tonn årleg.

Drift og utvikling

Drift

  • - FoU og fiskehelse: Asbjørn Dyrkorn Løland
  • - Driftssjef: Øivind Høie
  • - Assisterande driftssjef: Egor Gaidukov.
  • - Rådgjevar akvakultur: Ola Sveen.

Utvikling:

  • - Arbeidende styreleiar: Knut Eikeland
  • - Dagleg leiar/organisasjonsutviklar: Hans Haddal
  • - Prosjektleiar: Christian H Skår
  • - Prosjekteringsleiar: Tore Bø
  • - vaktmester og altmuligmann: Malvin Grepstad.












Kommentarer til denne saken