Sparebanken Sogn og Fjordane såg dagens lys i 1988. Då blei Sunnfjord Sparebank fusjonert med sparebankane i Gaular, Balestrand, Leikanger, Gloppen, Hornindal, Innvik og Stryn. Namnet på den nye banken vart Sparebanken Sogn og Fjordane. Og det var langt frå noko draumestart. I årsmeldinga for 1988 skreiv direktør Anders Sølvberg følgande:
«Året 1988 har vore karakterisert som det vanskelegaste bankåret i manns minne».
Eigenkapitalen i den fusjonerte banken var 164 millionar i 1988.
Hausten 2003 vart Sparebanken Flora-Bremanger, som låg med broten rygg etter store tap i oppdrettsnæringa, slått saman med Sparebanken Sogn og Fjordane. Og no er det alt anna enn krisestemning i banken.
– I dag er eigenkapitalen i Sparebanken Sogn og Fjordane heile 4,6 milliardar kroner, og det seier noko om kva verdiar som er skapt gjennom alle desse åra. Med ein forvaltningskapital på 52 milliardar er Sparebanken Sogn og Fjordane den 8. største av meir enn 100 sparebankar i Norge, seier administrerande direktør Trond Teigene i ei pressemelding i høve jubileet.
Han hevdar at ein klar strategi om å vere ein frittståande og sjølvstendig sparebank med hovudkontor i Sogn og Fjordane, har vore avgjerande for at banken i dag har 270 tilsette i fylket, busett i 22 ulike kommunar i fylket, seier Teigene. Og det er ute dei veks.
– Sparebanken Sogn og Fjordane har sidan nettbanken kom i 1998 satsa på å betene privatkundar over heile landet, og vi er i dag den sparebanken i landet som har størst del av kundar utanfor det bankane definerer som sine kjerneområde, seier Teigene og forklarar denne veksten med gode digitale løysingar.