Neste veke lanserer Sparebanken Sogn og Fjordane ei løysing for dei heilt unge. MobilbankUng heiter konseptet og det er retta mot dei mellom 8 og 14 år. Målet er gje denne gruppe kontroll og oversikt over eige forbruk, skriv dei i ei pressemelding.

– Vi trur at ein del av forklaringa bak suksessen vår i etableringssegmentet er at vi har hatt barne- og ungdomsprogram som følger kunden gjennom heile oppveksten, og som dermed gjer at vi er eit naturleg val når kunden skal etablere seg for første gong, seier administrerande direktør Trond Teigene og poengterer:

– Derfor har vi den siste tida jobba for å fornye korleis vi møter denne gruppa, og særleg ungdommen.

Ved å ta i bruk fokusgrupper frå den aktuelle alderen har løysinga blitt utvikla med innspel ifrå brukargruppa – dei unge. Fokuset har vore å ha ein enkel funksjonalitet. Applikasjonen er utvikla i eige utviklingsmiljø i Førde og dei skriv at dette har vore mogleg grunna strategiske teknologival.

– Den nye MobilbankUng er derfor bygd på same lest som mobilbanken, som har blitt tatt svært godt i mot av dei vaksne kundane, seier Teigene.

Lanseringa av applikasjonen er sett til onsdag 1. november.