– Dette har vore eit fantastisk kvartal for oss

Foto:

Sparebanken Sogn og Fjordane leverer eit svært godt resultat for tredje kvartal, med ein eigenkapitalavkastning på 11,2%.

DEL

I tillegg er banken best på likestilling, har blant landets mest fornøgde kundar og har passert 50 milliardar kroner i utlån.

Lågare utlånstap og god vekst i netto renteinntekter gjer at banken sitt totalresultat etter tre kvartal i år er på 390 millionar kroner. Det er 21 millionar høgare enn på same tid i fjor.

– Dette har vore eit fantastisk kvartal for oss. Og det gjeld ikkje berre sjølve resultatet, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Har 50 milliardar i utlån

Noko anna som også gleder Teigene er at Sparebanken Sogn og Fjordane no har passert 50 milliardar i utlån.

– Dette er ei milepæl for oss, og dette er vi stolte av! Vi er i ein bransje med stor konkurranse, men vi viser at vi er konkurransedyktig. Vi er bank nummer éin i Sogn og Fjordane, og resultatet viser at vi hevdar oss i den nasjonale konkurransen, seier Teigene.

Toppresultat i to kåringar

I tillegg til eit godt kvartalsresultat og den historiske utlånsmilepælen, har banken også gjort det svært godt i to forskjellige kåringar og undersøkingar i haust.

Den eine er SHE Index, der banken tronar aller øvst i konkurranse med 90 andre selskap i Norge. Denne indeksen måler kor gode selskap i Norge er på likestilling. Av 100 mogleg poeng har banken fått 94.

– Å bli kåra som best på likestilling, blant svært mange av dei største bedriftene i Norge, gjer meg stolt! Vi har jobba målretta med mangfald og likestilling i banken over tid, og det er utruleg kjekt å sjå at dette gir resultat, seier Teigene.

Den andre undersøkinga banken har gjort det skarpt i, er EPSI si årlege bankundersøking. Her er SSF heilt i toppen på fleire punkt, og er mellom anna den nest beste banken når det kjem til kundetilfredsheit og lojalitet. Når det gjeld omdømme og tillit er SSF best, ifølge EPSI.

– Vi er veldig glade for at kundane har gitt oss ei så tydeleg og god tilbakemelding, og vi skal fortsette å jobbe hardt for kundane våre kvar dag, seier Teigene.

Tek miljøet på alvor

Administrerande direktør Trond Teigene fortel vidare at banken også er godt i gang med ei satsing på klima- og berekraft. SSF var i haust, som den andre sparebanken i Norge, ute med grøne obligasjonslån, og banken har også nyleg slutta seg til FN sine prinsipp for «Global Compact». Klima og berekraft vil bli integrert som eit viktig område i heile verksemda.

Artikkeltags