– I dag smiler eg om kapp med sola, kom det frå styreleiaren i Svanøy Stiftelse, Ola Teigen.

Han fekk, saman med dagleg leiar Johan Trygve Solheim, besøk av Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane på Svanøy onsdag.

Det vart eit staseleg møte og ein lunsj der direktørane fekk smake litt av den eksklusive maten Svanøy er blitt viden kjent for.

Den daglege leiaren for stiftingane på Svanøy, også kalla «Treenigheten», Johan Trygve Solheim og styreleiar Teigen, visste kor stor sum dei hadde søkt Sparebankane om. Og gjennom år med godt samarbeid visste dei at dei ville få noko, då banksjefane kom til gards.

Det skulle bli full klaff.

Begge bankane hadde begge fått ein søknad frå Svanøy Stifting om 5 millionar kroner - ein million for kvart tiår 50-årsjubilanten Svanøy Stiftelse har eksistert.

Sparebankane slo verkeleg på stortromma på Svanøy onsdag.

Samde om støtte

Og Sparebankane var samde om å løfte i lag. Det betyr at dei fekk 10 millionar på bok til å utvikle Svanøy Hovudgard og kringliggande bygningsmasse. Sentralt her er låven som dei ønskjer skal bli ein endå rikare arena for kunst og kultur i åra framover.

Då Firdaposten skreiv om 50-årsjubileet til stiftelsen og pengegåva frå Sparebanken Sogn og Fjordane, som i år vart tredobla frå 100.000 til 300.000 kroner, sa banksjef for næring, Jo Dale Pedersen dette:

– Det er tungt å løfte åleine, men saman kan vi løfte mykje.

Og tre månader seinare hadde Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane med seg oppdrift då dei kom over Brufjorden. Gåvene dei kom med skulle ikkje berre gå til drift og vedlikehald, men også til utvikling.

Trur på folka bak

– Vi har tru på prosjektet, og vi har også stor tru på folka bak prosjektet, påpeika regiondirektør Arild Sandvoll i Sparebanken Vest. Han gledde seg allereie til å komme attende til Svanøy og sjå prosjekta skride fram.

Direktør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane, Roy Stian Farsund, peika på at nøkkelen for utvikling vidare er bruk.

Noko av grunnen til at Svanøy Stiftelse fekk full klaff hos sparebankane er at stiftinga deler bankane sin visjon om utvikling. Prosjektet krysser av alle boksane som omhandlar å skape vekst og utvikling gjennom lokale produkt, lokalt næringsliv og samhandling med privat næringsliv, skular og offentlege institusjonar. Så handlar det om ikkje berre å ta vare på ein felles kulturarv, men å utvikle den. Og gjennom dei 50 åra med Svanøy Stifting står fundamentet for å vidareutvikle Svanøy, på fjell.

Unik historie

Svanøy har også noko heilt unikt i vår region: Den har historie som både strekkjer seg tilbake til vikingtida, den har vore hovudsete for biskopen, for fut- og adelsmenn og for haugianarane. Dei som bur og driv på Svanøy kan den rike historia på fingrane, men historia og omgjevnadene på og kring hovudgården meiner reiselivsbransjen har eit større potensial enn kva som er blitt realisert til no. Det er også stadig fleire som let seg fascinere av posisjonen Svanøy har hatt, og for den situasjonen Svanøy framleis har i regionen.

Dei 10 millionane kjem på toppen av dei 4,5 millionane som allereie er gitt frå private, og med privat kapital åleine har dei meir enn halvvegs fullfinansiert prosjektet som er kostnadsrekna til 26 millionar kroner.

Private millionar løftar storprosjekt for "Kongsgården" på Svanøy. Det er grunn til å glede seg meiner leiarane.