Klar for årets første stranddag?

HEILE BYENS KROKODILLE: Krokofanten kjem – og har med seg ei overrasking.

HEILE BYENS KROKODILLE: Krokofanten kjem – og har med seg ei overrasking.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det er meldt strålande vêr til helga. Ingen grunn til å utsette sommaren stort lenger, med andre ord.

DEL

Søndag arrangerer Våt Moro og Flora Turlag familiedag på Sørstrand.

Heile byens krokodille

Krokonfanten (maskoten til Våt Moro) har stått opp av vinterdvalen og inviterer store og små til hyggeleg samvær.

– Krokofanten er ein sosial fyr som er veldig glad i at folk kjem og slår av ein prat med han, seier Marion Svarstad i Våt Moro.

– Eg ser ikkje vekk frå at han tar med seg ei aldri så lita overrasking til dei minste, held ho fram.

Boklansering

I tillegg lanserer feirar Flora Turlag 40 år med natursti og lansering av den nye turboka for Flora.

Det er eit reint tilfelle at dei to arrangørane slår sine pjaltar saman.

– Vi i Våt Moro er heilt avhengige av sponsorane våre for å få laga festivalen. Vi ønsker å gi noko ekstra tilbake til dei, spesielt til Sparebanken Sogn og Fjordane som har inngått ei treårskontrakt med oss. Slik starta tanken om ein familiedag på Sørstrand, seier ho og held fram:

– Så viste deg seg at Turlaget også leike med same tanken. Dei har 40- årsjubileum og skal lansere den nye turboka frå Flora. Dermed blei vi einige om eit felles arrangement.

Rebus og grillmat

Det blir liv og røre og action frå klokka 12 til 15 på søndag.

– Det blir rebus og gratis utlån av SUP (standup paddle). I tillegg fyrer vi opp i grillane. Folk kan ta meg seg grillmat og ete og kose seg, seier Svarstad.

Vêrmeldinga ser strålande ut.

– Alt ligg til rette for ein fantastisk dag!

Arrangementet er gratis.

Artikkeltags