Vi har blitt nostalgiske om dagen. Plutseleg græt vi modige tårer over vårt fantastiske Sogn og Fjordane, som no er historie. Vi hulkar over Flora kommune, som har opphøyrt å eksistere.

Folk skriv tåredryppande tekstar på facebook, kjøper overprisa Sogn og Fjordane-krus og t-skjorter, plakatar med kart over gamle-kommunen, ja endåtil tattoverer fylkeskartet på låret, slik ei svelgen-kvinne har gjort. Og Førde-media veltar seg i nostalgi og Sogn og Fjordane-sakn, med songar, kommentarar og siste helsingar.
Alt var så mykje betre før. Då strekane på kartet gjekk akkurat der dei har gjort dei siste tiåra. Og tiåra før det igjen.

Vel, dei får berre sakne og sutre. Eg gler meg. Eg har håp. Eg ser fram mot nye og spennande tider.
Vi i Florø har alltid drøymt om å ligge i Hordaland og ha Bergen som hovudstad, har vi ikkje?. Vel, no gjer vi det! Vi har alltid klaga over å vere styrt frå Leikanger, frukthagefolka som ikkje veit opp og ned på ei sild, forskjell på strandsone og innmark, eller styrbord og babord på ein båt. Vel, no blir vi ikkje det lenger!

Vi er berre ein svært så kjekk ekspressbåttur unna vårt nye fylkessenter, som vi så ofte reiser til uansett. Vi dreg på Ikea for å handle møblar, og mange reiser heller til by'n for å sjå på lystfesten enn å delta på eiga julegrantenning på heimstaden. Vi fartar dit på festivalar og konsertar året rundt, og i gjestebrygga ligg det alltid florøbåtar.

Til samanlikning: Kor ofte har du vore på Leikanger dei siste åra? Ikkje det, nei.

Og Kinn? Eg tenker at alle kommunar og byråkrati har godt av ein gjennomgang, med mål om modernisering og å gjere ting på betre og meir rasjonelle måtar. Digitalisering er eit satsingsområde for den nye kommunen, og her trur eg det vil skje spennande ting, når organisasjonen har jobba seg saman og veksesmertene avtar. Fysiske avstandar betyr stadig mindre i næringslivet, og det same burde gjelde for byråkratiet.

Nei, då sutrar eg heller litevetta over kraftkommunen som aldri blei. Det skulle jo vere Flora og Bremanger? Vi skulle jo gifte oss? Vågsøy skulle vere litt ekstra kjøtvekt der i nord, som vi kunne få med på kjøpet, mens vi to bestevennene, to hus tett i tett, vi skulle bygge kystveg og kose oss ilag. Vi som har felles brassband. Hadde eigen bank og kraftselskap. Vi som går på vidaregåande skule i lag i Florø, og lærer kvarandre sine kulturar å kjenne.
Men slik vart det ikkje. Vi burde skjønt det allereie då Bremanger plutseleg nekta å betale for samarbeids- og pilotprosjektet Florø nærsjukehus, sånn i 2003 eller noko slikt. Vi hadde avtale, skriftleg og politisk, men naboen trekte støtta ved første korsveg.
Sidan har det berre gått nedover med nabovenskapen. Kast Jostein Eimhjellen og andre sosialdigitale ryttarar inn i miksen, og så veit vi jo korleis det gjekk.

(No vert denne teksten garantert slakta av «Nei til Kinn»-geriljaen i dagesvis, men det kan eg fint leve med)

Ein Kystveg over Terøya, via Botnane og Årebrot til Svelgen, det hadde vore noko. Då kunne ein snakke om gode kommunikasjonar og felles bu- og arbeidsområde. 20 minutt frå Svelgen til Florø, med masse ledig tomteareal i mellom. Men det ville ikkje Bremanger ha. Dei bad om at Kystveg-traséen vart lagt via Grov. Dei vil raskast mogleg til sentralsjukehuset og kjøpesentera i Førde.

Men det er kanskje like greitt. Tre minusar blir vel ikkje pluss? Vi tre kystkommunane har gamal befolkning, låge fødselstal og fråflytting. Og alle dommedagsprofetane seier at Kinn kommune vil suse rett inn i Robek. Ja, då kjem vi i alle fall i selskap med kommunen til Eimhjellen. For Bremanger er den einaste kommunen i tidlegare Sogn og Fjordane som er i Robek per i dag.

Og til dei som går rundt og skremmer folk med Robek-spøkelset: Veit de eigentleg kva det vil seie å vere registrert der?
Det vil ikkje få dei store praktiske konsekvensane. Ja, Kinn må diskutere alle investeringane sine med Fylkesmannen.

Men lovpålagte tilbod og krav frå Arbeidstilsynet må likevel gjennomførast. Så gamle-rådhuset må nok uansett renoverast. Og dei tilsette i Kinn kommune må ha godkjente arbeidstilhøve. Det er det mange som ikkje har per i dag. Verken brannvesenet, barn og vaksne i nokre av barnehagane, eller mange av dei tilsette i administrasjonen i Florø. Florø barneskole manglar både toalett, gymsal og forsamlingslokale, og har eit halvparten så stort uteområde som lova krev.

Eg tvilar også på om Fylkesmannen vil stanse ein fotballhall, når prosessen har gått så langt, og gåvebeløpa er så store. Men kva veit vel eg. Eg er kanskje litt for optimistisk.

Uansett. Eg vil alltid vere florøværing. Eg blir ganske nøgd den dagen austlendingane sluttar å kalle meg sogning, som dei alltid har gjort fordi eg er frå Sogn og Fjordane. Kvar alle byråkratane har arbeidsadressa si, det tvilar eg på eg vil merke i det daglege. Eg set mi framtidslit til dykige florøpolitikarar og bergensarar, som veit kva verdi kysten har.

Det er utruleg mykje spennande på gang, spesielt i næringslivet vårt. Mange satsar, på alt frå utbygging på Evja og nye næringar, til bustadbygging både i og utanfor sentrum. Her vil komme mange store nyheiter framover. Då er eg glad for at vi har politikarar som også faktisk tør å satse og å investere, sjølv om økonomien er trang, slik at vi får bulyst, og endå betre tilbod til barn og unge. Vi treng utvikling om vi skal få tilflytting. Vi kan ikkje berre stenge alle kraner og legge oss ned for å døy. Og når har eigentleg kommuneøkonomien ikkje vore stram?

Så eg har trua. Den kan ingen ta frå meg. Velkommen Kinn og velkommen Vestland! (Sjølv om du har eit ganske pinleg namn).