Aktuell: Venstreback i Florø Fotball. Var Lagets beste spelar i vårsesongen.
Alder: 29
Sivilstand: Sambuar med Jill, eitt barn og tre bonus
Yrke: Fotballspelar for Florø Fotball og tilsett i florøselskapet
Petroleumservices.
Av det som skjer i Florø om sommaren, kva *må* du få med deg?
– Det er enkelt, alle heimekampane til Florø Fotball.
Kor går turen om du skal gjere ei draumereise?
– Då må eg ta med meg ho Jill til Maldivene.
Kva låt er det som får deg til å tenke på sommar og sol?
– I år må det vere «Sommerkroppen» til Mats Hansen. Den har eg faktisk takla på fotballbana. (Mads Hansen spelte på Mjøndalen jour.mrk)
Er du uroa over “fake news”? Eller er du kritisk til det du les?
– Eg tar det med knusande ro og er ikkje uroa. Det er alltid to sider av ei sak, og på sosiale medium tar eg mykje med ei klype salt.
Kva er den største luksusen du har unna deg?
– Eg har bygd meg nytt hus. Det er ein luksus som varer.
Når posta du sist noko i sosiale medier som du angra på - og kva handla det om?
– Det må eventuelt ha vore då eg var yngre. Eg er ikkje så drøy i det eg postar på nettet så har ikkje så mykje å angre på trur eg.
Kva trafikkregel bryt du oftast?
– Det må vere vikeplikta i rundkøyring.
Om du skulle utdanna deg på nytt, kva ville du valt?
– Har alltid sagt eg kunne tenkt meg å gå yrkesfag. Tømrar kanskje? Eg skulle gjerne vore meir handy.
Kva norsk politikar har du mest tiltru til?
– Eg er vel ikkje så veldig opptatt av det politiske liv, men Erna Solberg synest eg klarer seg fint.
Om du sjølv blei lokalpolitikar: Kva ville vore hjartesaka di?
– Eg ville tilrettelagt best mogleg for unge til å drive med idrett.
Kva film lokka deg sist ut av godstolen og til kinosalen?
– Det var Mamma Mia, det var regn i Bremanger og ikkje så mykje å ta seg til. Då vart det Abba og kino.
Kva kunne du ønske du brukte meir tid på?
– Å bruke meir tid på dei heime. Men det vil eg når eg ferdig med fotballen.
Kva er det luraste du har gjort?
– At eg tok eit år til med fotball det året vi rykte opp. Eg skulle trappe ned, men trappa i staden opp.
Kva brukar du “skjermtida” di til?
– På TV går det i Fotball og Home & Away, det er lite data, men mobilen bruker eg på aviser og sosiale medium. Eg får med meg det som er kring laget mitt i England, Manchester United.