- Du får ikkje klatre i riggen min første kvelden

Svanhild under ei øvingshelg i april 2016.

Svanhild under ei øvingshelg i april 2016.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Sommarpraten

Aktuell: Tilbringar helga på Utkantfestivalen på Skjerjehamn og er klar med nye turar for store og små på Kystmoro 1. august

Alder: 128

Sivilstand: Ein skippar i kvar hamn

Yrke: Cruiseskip

- Du får ei gratis draumehelg i Måløy med følgje. Kva står øvst på lista?

– Ein tur oppom slippen til Verlo. Vi damer har jo ofte noko småtteri vi gjerne ville ha fiksa på.

- Kvar gjekk siste utanlandsturen din?

– Eg kjem meg ikkje så langt no lenger. Så det var til Shetland. Sukk. Eg saknar å vere på langtur!

- Veit du kor mykje du betalar i eigedomsskatt?

– Eigedomsskatt? Nei, eg er ein kulturskatt, eg.

- Kva trur du må til for å få Bremanger med i Kinn kommune?

– Er det så om å gjere då? Du kan ikke se den grense under vann, veit du.

- Du skal imponere på kjøkenet eller ved grillen. Kva trør du til med?

– Tja. Her om bord vert det mykje betasuppe, altså. Den er imponerande enkel å få både ned og opp.

- Alle har sine fobiar og sine prinsipp. Kva seier du plent nei til, sjølv om det ligg ein million på bordet?

– Er du galen? Ei 128 år gammal treskute kan ikkje seie nei til ein million. Kva skal eg gjere??

- Du har åleinedag, sola skin og du er fri for plikter. Beskriv dagen din!

– Du, då synes eg det er fint å berre ligge å duve i springen ved Fylkeskaia og ta meg ut. Det kjem ein god del beundrande blikk framleis, faktisk. Dei frekkaste vil klatre i riggen min, men det kan dei ærleg talt gløyme første kvelden!

- Når var du sist på ein skikkeleg konsert, og kva artist såg du?

– Sist det var konsert på meg var under Rockweekend, då Halvor og Iver frå SILO sat på bakken min med gitar. Det ville eg gjerne hatt meir av, eigentleg...

- Du blir ordførar i Kinn kommune. Kva sak toppar prioriteringslista di?

– Då blir det kystkultur til frukost, middag og kvelds.

- Kor ofte er du innom Facebook, og kva er favorittgruppene dine?

– Eg prøver å by på meg sjølv, og favorittgruppa er mi eiga side. Den anbefalar eg alle!

- Du finn eit jagarsegl du likar på nett. Du veit du kan kjøpe det i Florø, men det kostar nokre hundrelappar meir. Kva gjer du?

– Eg handlar lokalt når eg kan. Men eg opplever at det er ganske vanskeleg å finne ting i min storleik her.

- Har du same arbeidsplass om fem år?

– Fem år frå eller til… satsar på det, ja.

- Kva eldsjel i kommunen din fortener litt heider og eit klapp på skuldra?

– Svanhilds Venner, sjølvsagt. Eg er takksam for alle som betalar inn medlemskontigent og gir meg oppdrag, for eg vedgår at eg kan vere dyr i drift. Men endå høgare set eg dei som steller med meg og som sørgjer for at eg held meg i vigør. Utan dei hadde eg berre vore eit tomt skal og ikkje ei levande og høgt elska skute med personlegdom!

Artikkeltags