Sommaren held fram: Strålande stabilt vêr i heile Sør-Noreg til veka

Sandvika 20200531. 
Folk koser seg i det flotte sommerværet på Kadettangen i Sandvika med sol og bading på stranda.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Sandvika 20200531. Folk koser seg i det flotte sommerværet på Kadettangen i Sandvika med sol og bading på stranda. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix Foto:

Av
DEL

Sør-Noreg går ei strålande veke i vente, medan Nord-Noreg får meir varierande vêr.

Det blir sol og høge temperaturar heile den kommande veka i store delar av landet. Særleg i Sør-Noreg og i Trøndelag vil det strålande vêret halde fram.

– Det ser ut til at det er litt fare for ettermiddagsbyer i indre strøk, men elles held det fine vêret fram. Vi ventar temperaturar opp mot 30 grader, fortel statsmeteorolog Per Egil Haga til NTB.

Det gode vêret ser òg ut til å halde seg til neste helg, men det vil komme eit vêromslag mot slutten av helga. Etter det kan det bli lågare temperaturar.

Varierande vêr i Nord

Nord-Noreg vil òg få fint vêr både førstkommande onsdag og til neste helg, men etter ei fin helg no blir vêret i nord betrakteleg kaldare.

– Det blir kjølig start på veka, medan pålandsvind og høgtrykk torsdag og fredag gjer at Nord-Noreg først får fleire finversdagar til neste helg.

Auka fare for skogbrann

Det tørre og varme vêret har auka risikoen for skogbrannar, særleg langs kysten i Sør-Noreg, og dei som ferdast i skog og mark blir bedne vere ekstra merksame.

– Vi vurderer no å sende ut varsel for Trøndelag, og har allereie sendt ut varsel for resten av Sør-Noreg, fortel Haga.

(©NPK)

Artikkeltags