SoMe-ansvarleg sprang som ein Tornado frå spelarmøte etter at kvelartak på prisutdeling fekk fire millionar views på YouTube

TEMPOPODDEN: Ny episode, gamalt bilde. Her er det mange kjende folk, er det ikkje?

TEMPOPODDEN: Ny episode, gamalt bilde. Her er det mange kjende folk, er det ikkje?

Av

PODCAST: Tempopodden er ute med ny episode, og denne gongen har dei fått besøk av Erlend Vassbotten

DEL

Gjesten i dagens episode, har kanskje den mest imponerande CV-en så langt i Tempopoddens stolte historie. Forutan å vere dagleg leiar i eit av dei største konserna i Steinhovden, og innehavar av Sunnfjords mest velstelte laks, har han fleire år på nakken som både YouTuber, Podcaster og fotballspelar. Han trenger ingen vidare introduksjon, vi snakkar sjølvsagt om Erlend Vassbotten.

Med ein Eikefjordspelar i studio, blir det sjølvsagt snakk om rivalisering og lobbyverksemd, men også om potensiell forbrødring mellom Sunnfjords to flaggskip i 6. divisjon. Tempopodden tar også sin første tur utforbi fylket, når Erlend deler historier frå tida som utanbysproff og SoMe-ansvarleg i Bergensklubben Tornado Måløy.

I tillegg til dette, får vi endeleg svar på kven som er Tempopoddens raskaste på 60 meter, kven i gjengen som er skap-krokling, kven som har fått mest hits/hets på YouTube, kva som blei sagt når Tempopodden vart tema på spelarmøte i Eikefjorden, og mykje meir!

Du finn podkasten på Spotify og andre podcasttenester ved eit søk på Tempopodden. Vi har bytta Podcast-leverandør, det gjer at det for tida er litt småkaotisk, men framover vil du finne Tempopodden på Spotify her: Tempopodden.

Eldre episoder, både av Firdaposten-podcaster og Tempopodden-podcaster finn du framleis her: Firdaposten.

Du kan sjølvsagt også høyre podcasten akkurat her:


Artikkeltags