Solund-båt med eksklusiv fiskekvote

Båten «Sjarmør» frå Nord Solund Fiskeriselskap er gitt grønt lys for å drive makrellstørjefiske i 2015.

Båten «Sjarmør» frå Nord Solund Fiskeriselskap er gitt grønt lys for å drive makrellstørjefiske i 2015. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

(Firda) Ringnot-båten «Sjarmør» frå Solund i Sogn og Fjordane er blant dei utvalde som Fiskeridirektoratet har gitt løyve til å fiske etter makrellstørje i 2015.

Les også: No får dei fiske størje

– Kriblar litt no

– Det kriblar litt no, ja. Det er alltid spennande med størjefiske, seier Lars Helge Saltskår, reiar i Nord Solund Fiskeriselskap AS, og skipper om bord på «Sjarmør».

Han har vore med på størjefiske før, anslagsvis 10–12 sesongar, og Saltskår fortel at han var på eit av dei siste norske fartøya som tok opp størje i ordinært fiske i 1985.

Først på lista

Å ta tak i dette eksklusive fisket att, er det no førebels berre båten frå Solund som er trekt ut til, men skulle «Sjarmør» takke nei, går plassen vidare til neste båt på lista:

1. «Sjarmør», SF-17-SU

2. «Norderveg» H-182-AV

3. «Nordervon» H-181-AV

4. «Kamøyfisk» H-180-AV

5. «Kremmervik» H-15-AV

Høg risiko

Men det er ikkje berre berre å drive fiske etter den ettertrakta muskelfisken, ifølgje skipper Saltskår.

– Vi veit ikkje kostnadane enno, og det er vi som må ta alle kostnader med størjefisket sjølve. Det er ein risiko ein tek ved å gå på dette, og det er mykje for eit lite reiarlag, seier skipperen, som fortel at dei også er pliktige til å ha med ein internasjonal observatør under fisket.

Det at dei som reiarlag må ta størjefiskekostnadane åleine, er noko han og resten av reiarlaget undrar seg over.

– Dette er jo ei viktig kvote for Norge som nasjon. At ikkje staten er inne i dette, synest eg er merkeleg, seier Saltskår, som påpeikar at «Sjarmør» også skal jo ha med seg ein representant frå Havforskningsinstututtet.

Stor gevinst ved fangst

Men om dei treff på størja, legg ikkje skipperen skjul på at gevinsten kan vere høg.

«Sjarmør» fiskar til vanleg mest makrell, sei og sild, og er akkurat no på loddefiske.

«Jakta» på makrellstørja byrjar mest truleg for mannskapet sin del i august – september.

– Størjeprisen er høg, så om vi treff den, så kan det bli brukbare greier, seier skipperen, som helst skulle sett at han hadde fleire båtar med seg, som kunne fiske saman.

– Det er jo berre vi som er trekt ut av ringnot-fartøya, og vi er ein enkelt båt som fiskar størje. Vi kunne tenkt oss at fleire fiska, og eventuelt delte fangsten, seier han.

Artikkeltags