Solid framføring i tøff konkurranse

INTERKOMMUNALE: Tor-Andre Sælemyr Bjerknes og Fay Løvseth frå høvesvis Flora og Bremanger i ein interkommunal klem etter framføringa fredag.

INTERKOMMUNALE: Tor-Andre Sælemyr Bjerknes og Fay Løvseth frå høvesvis Flora og Bremanger i ein interkommunal klem etter framføringa fredag.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Flora-Bremanger BrassBand trur dei står i divisjonen.

DEL

Flora-Bremanger BrassBand framførde stykket «Firestorm» av Stephen  Bulla i Grieghallen fredag under NM for brassband. Supporterane frå Flora og Bremanger fekk høyre eit korps som gjorde ein framifrå innsats. Det meste som var innøvd satt som eit skot. Det er all grunn til å håpe at korpset minst beheld sin plass i tredje  divisjon.

Konkurransen er tøff, og mellom anna Manger Old Star Brass vert ein hard konkurrent, men musikarne var stort sett nøgd. Det er sjølvsagt alltid nokre som meiner dei kunne spelt betre, men det er korspet samla som tel – og det som korpset presterte var heilt klart ein solid prestasjon.

Sælemyr spelte sjølv

Korpset var dirigert av ein kyndig dirigent frå det verdskjende brassbandet «Black Dyke», Phil Goodwin. Korpsets faste dirigent, hadde plassert seg sjølv som musikar på tuba.

Styreleiar og kornettist Merete Storøy var godt nøgd med framføringa. Ho meinte at dette var noko av det beste korpset hadde spelt.

Arabiske innslag

Det var mange gode einskildprestasjonar i framføringa. Stykket, med sine arabiske innslag, passa særs godt til korspet.  Spesielt slagverkarane og trombonerekka fekk bryne seg når dei skulle skape musikalske bilder av bombenedslag gjennom stykket.

Kornettrekka klarte òg å gjenskape stemninga frå basaren i Bagdad gjennom flotte prestasjonar.

Publikum verdsette framføringa, og korpset var eit av få som fekk ståande applaus. Det var verd å merke seg at det var mange folk frå kommunane Flora og Bremanger som valgte å ta turen til Bergen denne helga for å støtte korpset.

Resultatet av konkurransen vert avslørt under festkonserten laurdag kveld.