«Milo» er framleis på rømmen i åsen

SAUENE: Dei drektige sauene Miloog Kari Tråd kom til Soldalen rett før vinterferien. No har den eine av dei stukke av.

SAUENE: Dei drektige sauene Miloog Kari Tråd kom til Soldalen rett før vinterferien. No har den eine av dei stukke av. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Den drektige sauen har no hatt tilhald i Storåsen i over ei veke.

DEL

Søndag for over ei veke sidan stakk den drektige sauen Milo til skogs, etter å ha smette unna då den skulle ut av fjøsen i Soldalen.

Sidan då har Tonje Terøy leita og lokka på sauen, for å få den heim att til garden.

– Vi har brukt mange timar den siste veka på å prøve å fange den. Den er redd, og spring vekk så fort vi nærmar oss. Vi har hatt med oss den andre sauen, med bjølle, men Milo vil ikkje komme, fortel ho.

– Måndag gjekk vi nesten to og ein halv time i Storåsen, då hadde vi med oss gjeter, tre sauer og hund. Vi fekk nesten tak i den, men den spring til skogs igjen, fortel ho.

Den største faren for sauen, er hundar som går laus, ifølge veterinæren ho har hatt kontakt med. Men ein må heller ikkje forsøke å jage sauen, då går den i fluktmodus.

Dei gir ikkje opp å fange inn Milo, og har ein plan om å sette opp eit lite gjerde i skogen, helst med den andre sauen i, og så forsøke å gjete rømlingen inn dit.

Artikkeltags