– Endeleg er Milo heime att!

HEIME ATT: Sauen Milo er endeleg heime, etter halvannan veke på rømmen i Storåsen.

HEIME ATT: Sauen Milo er endeleg heime, etter halvannan veke på rømmen i Storåsen. Foto:

Sauen Milo, som har vore på rømmen i Storåsen i Florø, er no heime att på garden i Soldalen.

DEL

Eigar Tonje Terøy har forsøkt det meste for å få tak i sauen som stakk til skogs førre søndag. Leiting, lokking og gjeting med både sauer og hund på laget. Men kvar gong har Milo smette unna, og gøymd seg i skogen.

Terøy har frykta at sauen skal spontan-abortere, då den er drektig, og skal ha lam om kort tid.

Men onsdag enda historia heldigvis godt, og Milo er no på plass i boksen sin i stallen i Soldalen.

– I går sette vi ut gjerde i ein u-form, som vi forsøkte å gjete Milo inn i. Men vi lukkast ikkje, fortel Terøy.

Men onsdag morgon ringde telefonen. Då hadde forbipasserande observert at sauen hadde sett seg fast i dette gjerdet.

– Fem minutt seinare var eg og mannen min på plass, fekk ho laus, og fekk Milo heim. Ho ser ut til å ha det bra, seier ein letta eigar.

Det var søndag 3. mars at sauen stakk av, då den skulle gjetast frå stallen og ut i innhegninga på garden. Sauen var ny på garden, og sprang til skogs mot linken i Storåsen.

Drektig sau på rømmen i Storåsen

«Milo» er framleis på rømmen i åsen 

Artikkeltags