Drektig sau på rømmen i Storåsen

SAUENE: Dei drektige sauene Miloog Kari Tråd kom til Soldalen rett før vinterferien. No har den eine av dei stukke av.

SAUENE: Dei drektige sauene Miloog Kari Tråd kom til Soldalen rett før vinterferien. No har den eine av dei stukke av. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Då dei to nye bebuarane på besøksgården i Soldalen skulle gjetast ut av fjøsen og inn i innhenginga, stakk den eine til skogs.

DEL

Søndag var det open gard i Soldalen i Florø, med mykje besøkande og god stemning.

Etter at dei besøkande hadde gått skulle dei to nye bebuarane på garden, dei drektige sauene Kari Tråd og Milo, sleppast ut for våren. Men den eine sauen smatt unna og stakk til skogs, oppover vegen mot linken på Storåsen.

Folk frå garden var ute i åsen og leita etter sauen søndag ettermiddag, men konkluderte med at dei ikkje ville jage eller skremme den. Sidan sauen er drektig med lam, er eigar Tonje Terøy redd for at den skal spontanabortere.

Håpet var at sauen skulle komme heim att når den hadde roa seg, og kanskje høyrde brekinga frå sauen som var att på garden.

Men den har framleis ikkje dukka opp måndag ettermiddag.

No treng Terøy hjelp til å finne sauen.

- Viss nokon ser sauen, er det fint om dei kan ringe meg på tlf. 924 62 201, seier ho.

- Ein må ikkje jage den, då blir den stressa og går i fluktmodus. Ein kan eventuelt gå roleg bak sauen og forsøke å gjete den ned mot linken og Soldalen. Eg håpar også hundeeigarar kan vere forsiktige med tanke på at det er ein sau laus i området, seier Terøy.

Oppdatering: Tysdag er sauen framleis på rømmen. Den vart observert rett ved garden i Soldalen tidleg tysdag morgon, men sprang sin veg då ein forsøkte å gå etter den. Det har også vore leita etter sauen, men då er det kun observert spor. Så eigar Tonje Terøy har håp om at sauen snart kjem heim att.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags