Tonje opna gardstunet for alle

Artikkelen er over 2 år gammel

Søndag var dagen endeleg kommen; Tonje Terøy opna Soldalen Besøksgård for alle. Og mange hundre tok turen for å sjå garden og gratulere gründeren.

DEL

I strålande septembervêr vandra hundrevis av nysgjerrige store og små inn på tunet i Soldalen, for å sjå seg rundt, helse på dyra og gratulere Tonje Terøy med den nystarta besøksgarden.

På programmet stod offisiell opning, med dyrestell, riding, kos med dyra, kiosk, leikar og rebus.

Ordførar Ola Teigen var også på plass, og hadde med seg gratulasjonar og blomster.

– Gratulerer så masse med ei fantastisk flott satsing. Vi ønsker deg all mogleg lykke til, sa Teigen.

Han stod også for snorklippinga, saman med sønene til Tonje, William (9) og Brage (7).

Takka svigerfaren

I opningstalen sin takka Tonje den avdøde svigerfar sin, Atle Terøy, for at han inspirerte henne til å ta utdanning som ridelærar. Dette er noko ho har bruk for når ho no skal tilby aktivitetar som til dømes riding for ulike pasientgrupper og gardsaktivitetar for barn og unge.

– På grunn av han er det mogleg for meg å starte dette tilbodet no, sa Terøy.

Ho takka også svigermora og familien for all hjelp, og alle andre som har vore medverkande i å realisere draumen om ein besøksgard i Florø sentrum.

Leve av garden

Målet er å kunne leve av å tilby ulike aktivitetar og tenester innan gards- og dyrehald. Sidan ho ikkje har ordinær gardsdrift er ho avhengig av å ta betaling frå besøkande, noko ho bad om forståing for.

På sikt håpar ho at Soldalen skal bli 4H-gard, og å utvikle tilboda vidare.

På garden bur det no hestar, ein minihest, eit miniesel, to alpakkaer, geiter, høner og kaninar. Og uteområdet har fått gapahuk, utekjøkken, drivhus, åker, grillhytte og bålpanne. Framover blir det ulike aktivitetar folk kan delta på, både opne dagar og meir faste aktivitetar, og ein kan leige garden til bursdagsfeiringar eller andre typar selskap.

LES OGSÅ:

Sola skin på Soldalen 

  Tonje vil fylle tunet i Soldalen med folk og dyr

Her kjem der eit tun med gapahuk og grillhytte 

Artikkeltags