Solberg: Bedrifter får permittere tilsette i eitt år

Statsminister Erna Solberg.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix Foto:

Av

Statsminister Erna Solberg (H) varsla torsdag nye permitteringsreglar. Bedrifter kan no permittere tilsette i inntil eitt år.

DEL

Ordninga er dermed utvida frå 26 til 52 veker.

– Vi ser at ei slik endring er nødvendig i den økonomiske situasjonen vi framleis ser for oss framover, i alle fall eit halvt år og kanskje vidare, seier Solberg til VG.

Ordninga gjeld frå 1. november og til 30. juni 2021, opplyser regjeringa i ei pressemelding.

– Talet på permitterte har falle kraftig. Likevel er det fleire bransjar, som reiseliv og eksportretta industri, som møte stor uvisse utover hausten, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Regjeringa foreslår òg ny arbeidsgivarperiode på fem dagar, frå og med 1. januar neste år. Denne vil gjelde for alle som ved denne datoen har vore permittert i 30 veker eller meir.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken