Supplybåt trefte plattform i natt

KOLLISJON: Ein supplybåt kolliderte med Statfjord A-plattformen i natt.

KOLLISJON: Ein supplybåt kolliderte med Statfjord A-plattformen i natt. Foto:

Klokka 01.55 i natt støytte supplyfartøyet PSV Sjøborg sammen med Statfjord A-plattformen i samband med lasting.

DEL

Det er Equinor som melder dette i ei pressemelding. Det var ikkje produksjon Statfjord A då hendinga inntrefte då den for tida er i revisjonsstans.

Det var 276 personar om bord på Statfjord A då dette skjedde. Det er ingen personskadar om bord på plattforma og det totale skadeomfanget på plattforma blir nå undersøkt. PSV Sjøborg med 12 personar om bord er på veg til land for egen maskin.

Personell er no flytta frå Statfjord A til nærliggande installasjonar. Dette kjem av at det oppstod skader på livbåtane, i tillegg til at Equinor melder om behov for å avklare omfanget av skadene etter kollisjonen.

To søk- og redningshelikopter (SAR) og eit helikopter frå Hovedredningssentralen på Sola har flydd folk frå Statfjord A til Statfjord B og C, og Gullfaks A. Områdeberedskapsfartøyet Stril Herkules er på feltet og hjelper til installasjonen med å avklare skadeomfanget.

Artikkeltags