Det går føre seg ein leiteaksjon utanfor Bjørnøya etter at ein mann fall over bord frå ein norsk fiskebåt tysdag kveld.

Hovudredningssentralen Nord-Noreg opplyser at det er ein besetningsmedlem frå frysetrålaren Langenes, som har heimehamn i Ålesund. Dei vart varsla om saka klokka 19.53.

– Vi har sett i gang eit søk med helikopter og fartøy, skriv dei.

Ifølgje Hovudredningssentralen er KV Barentshav og fleire fiskefartøy som er i nærleiken sett inn i søket etter den sakna. Ti norske og eitt russisk fiskefartøy deltek i søket, i tillegg til kystvaktskipet.

Redningshelikopter frå Svalbard og Banak søkte frå lufta, men desse vart dimitterte klokka 3, opplyser Hovudredningssentralen. Då var det framleis ikkje gjort nokre funn, og søket frå sjøen heldt fram.

Det blæs vestleg liten kuling i området.

(©NPK)