Før Sogndal kom på besøk til Florø i cupen i fjor blei det snakka om at dei hadde eit Florø-spøkelse. Kanskje ikkje så rart, for Florø hadde då slått Sogndal ut av cupen både i 2012 og i 2017. I tillegg vann dei 3–2 på Fosshaugane det året Sogndal og Florø var i OBOS-ligaen samtidig.

Men Sogndal vann 5–1 og gravla det spøkelset.

Torsdag kom Sogndal til Florø på ny, for å kjempe om avansement i cupen. Dei nytta då høvet til å grave opp spøkelset, helle bensin på det, tenne på, la det brenne ut, og gravlegge det på nytt. Det blei berre så altfor tydeleg at det var dobbel divisjonsskilnad på dei to laga.

Kvalitet i forsvaret

Allereie etter sju minutt var Sogndal i føringa. Sofaane Dia slår til med ein hovudlaus takling i eige felt. Dommaren peikar på straffemerket, og Kristoffer Hoven set ballen i mål. Keeper Albin Svensson går rett veg, men får ikkje fingrane på ballen.

Så skal vi trekke fram det positive. Etter scoringa ligg Florø ganske så kompakt. Dei slepp ikkje til Sogndal med all verda, og stopparen Szymon Walczak demonstrerer gong på gong at her har Florø fått inn kvalitet i forsvaret.

Det unge Florø-laget, med fem mann på benken som nok hadde spelt om dette var ein viktig seriekamp, fekk samla nyttig erfaring. Dei fekk kjent på kva som skal til om dei vil opp på eit høgare nivå. Og i resten av omgangen er prestasjonen god nok til at det er lov til å vere optimistisk for framtida for denne gjengen.

Så høyrer det med til historia at Florø berre skaper ein sjanse i denne kampen, og den kjem ut av ingenting etter 26 minutt.

Tverrliggaren

Even Vetås spelar fram til Kim-Christian Liset, som rett og slett skyt frå 25 meter. Ballen går over keeper, og i tverrliggaren, tilbake i ryggen på keeper, og ut til corner. Heldigvis for svelgaren Daniel Gjerde Sætren som fekk sjansen i Sogndal-buret. Hadde den gått inn, hadde det kanskje ikkje vore ei keepertabbe, men det hadde unekteleg sett litt teit ut.

Men Sætren slapp ikkje inn mål, og treng ikkje vaske keepertrøya heller, for stort meir var han ikkje involvert i.

Her kan du sjå høgdepunkta frå kampen.

Håpet var at Florø kunne stå i mot til pause, slik at vi kanskje kunne få ein tett og spennande andreomgang, men i det 43. minutt glapp det. Anders Nord får eit innlegg mot bakarste stolpe, og banker ballen knallhardt i buret. 0–2 til pause.

Eitt lag på bana

I andre omgang er det berre eitt lag på bana. Sogndal speler seg gjennom Florø-forsvaret så ofte dei berre vil, særleg på Florø si høgreside. 0–3 kjem etter 52 minutt. Erik Grønner. 0–4 etter 67 minutt, Andreas Hoven, og så er det til slutt Axel Kryger som får score det siste målet. 05 etter 69 minutt, og Sogndal tek foten av gasspedalen.

Dei siste 20 minutta er det i grunn ikkje verdt å skrive om.

Vi får berre håpe at dette var nyttig erfaring, og at overkøyringa ikkje tek vekk all godkjensla etter Førde-sigeren. Måndag ventar Aalesund 2 borte; eit lag som ikkje har gitt frå seg poeng i serien så langt. Då treng dei all den sjølvtilliten dei kan få, om skal dei plukke poeng.