Kolonnekøyring i samband med tunneloppgradering

Skal du køyre til Sogn via Høyanger, må du bu deg på ventetid.

DEL

Statens vegvesen melder om vegstengingar i Sogn. Denne veka startar utbetringa av Tussviktunnelen på fylkesveg 55 mellom Høyanger og Balestrand. Den gamle tunnelen skal få ein "makeover" med evakueringslys, naudstasjonar og lys for stenging. Statens vegvesen opplyser at reisande må bu seg på kolonnekøyring fire dagar i veka denne våren. Kolonnane går med ein halvtimes mellomrom.

Artikkeltags