Rema 1000 sluttar med syltetøy frå Lerum

Av

Sogndalsbedrifta har mist leveringsavtale for heile Norge.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Rema 1000 skal slutte med alt sal av Lerum-syltetøy. Nyheita vart sleppt tysdag føremiddag, samstundes som Statsminister Erna Solberg var på besøk på produksjonsanlegget til bedrifta i Sogn.

– Ja, nyheita sprakk akkurat no. Vi er no ute av Rema 1000 med all leveranse av syltetøy. seier dagleg leiar i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug til Firda.

Lerum Hjellhaug fortel at dei lenge har visst at denne saka berre kunne ha to utfall: Enten var dei med eller ikkje. Ho fortel at det var ein kjedeleg beskjed å få, når det viste seg å bli det siste utfallet.

– Vi har levert til Rema 1000 i mange tiår. Dei har vore ein viktig kunde for oss, seier Lerum-sjefen.

Rema fjerner flere varer fra hyllene 

Får framleis levere saft

Lerum Hjellhaug fortel at dei framleis skal levere saft til Rema 1000. Likevel legg ho ikkje skjul på at ein del av produksjonsvolumet no går ned, men at dei skal gjere alt dei kan for å halde det oppe med andre produkt dei produserer.

Lerum Hjellhaug fortel at dei no treng tid til å skaffe seg oversikt over kva dette vil bety for saft- og syltetøy-leverandøren frå Sogn. Ho kan enno ikkje seie noko om kva tapet av Rema-avtalen vil bety, både i tapt inntekt, eller om arbeidsstaben i bedrifta vil vere den same framover.

– Vil merke det

– Eg kan ikkje seie noko om dette enno, men vi vil merke det, seier Lerum-sjefen, og legg til at dei no skal jobbe knallhardt framover for å halde oppe produksjonsvolumet sitt, og å prøve å få syltetøyet sitt tilbake på Rema-marknaden att.

Det er den såkalla bestevenn-avtalen som no er grunnen til at Lerum-syltetøyet no forsvinn ut av Rema-hyllene.

Avtalen har skapt sterke reaksjonar frå forbrukarar og leverandørar, sist gjennom bryggerikjeda Mack, der folkeropet no ser ut til å få Rema 1000 til å opne for sal att i dei nordlegaste fylka.

Les også: Trur ikkje Kinn forsvinn ut av hyllene

– De er ein stor bedrift og fylkesaktør i Sogn og Fjordane. Trur du vi kan få liknande reaksjonar her i fylket?

– Det kan skje, men det er forbrukarane som må seie kva dei vil ha, seier Lerum Hjellhaug.

Byggjer nye produksjonslokale

STOR INVESTERING: Lerum er i gang med å flytte produksjonen og administrasjonen sin frå Sogndal til Kaupanger, ei investering til 250 millionar kroner. Tysdag kom meldinga om alt Lerum-syltetøy no skal ut av Rema 1000-hyllene.

STOR INVESTERING: Lerum er i gang med å flytte produksjonen og administrasjonen sin frå Sogndal til Kaupanger, ei investering til 250 millionar kroner. Tysdag kom meldinga om alt Lerum-syltetøy no skal ut av Rema 1000-hyllene. Foto:

Saft-produsenten frå Sogndal annonserte på slutten av fjoråret at dei investerer ein kvart milliard kroner i nye produksjonslokale og i Kaupanger. Med det skal dei flytte syltetøyproduksjonen og hovedkontoret frå Sogndal til Kaupanger, og arbeidet på nyetomta er i gang.

Totalt blir det bygd 6000 kvadratmeter, som skal romme kontor, emballasjelager, frys, kokeri og produksjonslokale.

– Korleis er timinga på denne utvidinga, no når denne beskjeden kom ifrå Rema?

– Det er slik i denne bransjen at ein taper noko, og ein vinn noko. Kostnadar blir større heile tida skal ein henge med, og ein kan vel seie at dei ikkje blir mindre med dette, seier Lerum-sjefen.

Artikkeltags