Delte ut forelegg for handhalden mobil

DEL

Vest politidistrikt hadde kontroll i Sogndal tysdag kveld. Det var ein såkalla adferdskontroll og skreiv ut fire forenkla forelegg for tasting på mobiltelefon under køyring. 

Unngå å bruke mobiltelefon når du køyrer, oppmodar politiet. Det gjer deg mindre oppmerksam på bilkøyringa.

Du kan likevel bruke mobiltelefonen når mobiltelefonen er handfri eller plassert i ein holdar. Holdaren skal vere forsvarleg montert ikkje langt unna rattet. Den skal også vere så nær sjåførens synsfelt under køyring som mogleg. Holdaren kan også vere ein del av køretøyets originale innreiing.

Brukar du mobiltelefonen på feil måte? Då er bota 1 650 kr.

Artikkeltags