Dumper gjekk igjennom islagt elv- føraren redda ut

Av

Føraren blir flogen til Førde sentralsjukehus. Skadeomfanget er ikkje kjent. Torsdag blir dumparen heva.

DEL

Vest politidistrikt melder klokka 22.32 onsdag kveld om ein dumper som har køyrt i ei elv i Leikanger. Det vart samstundes meldt at føraren sjølv skal ha komme seg ut av køyretøyet. Dette melder Firda.

Ukjent skadeomfang

Operasjonsleiar Morten Rebnord ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt fortel klokka 23.14 at dei ikkje har mykje info om hendinga, anna enn at føraren av dumparen skal vere bevisst, men at det blir meldt om ryggsmerter.

Området ulykka skal ha skjedd i er Grindsdalen ved eit kraftanlegg på Myklebru, ifølge operasjonsleiaren.

Politi og luftambulanse var då på staden.

Klokka 23.43 blir det meldt at føraren blir flogen til Førde sentralsjukehus. Skadeomfanget skal vere ukjent.

Arbeidstilsynet er varsla om hendinga og politiet opprettar sak.

Vil heve dumparen torsdag

Torsdag morgon klokka 06.05 opplyser politiet at køyretøyet truleg blir heva i dag.

– Hjullastaren er lasta med ein del diesel og hydraulikkolje, så brannvesenet legg ut lenser for å stoppe eventuelle lekkasjar.

Torsdag vil politiet snakke med føraren for å finne ut kva som har skjedd.

–  Men det mest trulege er at lastebilen har sklidd bakover, hamna ti meter ut på den islaget elva, før han deretter gjekk igjennom isen.

Kollegaene til mannen oppdaga det som hadde skjedd og sprang til.

– Dei fekk han ut og opp på land, seier Rebnord til Firda.

Artikkeltags