Riggar seg for å stoppe gruvedumping

Lenkeaksjon i Vevring. Aksjonistar frå Natur og ungdom lenka seg fast for å sperre vegen for Nordic Mining sine prøveboringsmaskiner. Politiet kom mannsterke, dei klipte kjettingane og arresterte aksjonistane.

Lenkeaksjon i Vevring. Aksjonistar frå Natur og ungdom lenka seg fast for å sperre vegen for Nordic Mining sine prøveboringsmaskiner. Politiet kom mannsterke, dei klipte kjettingane og arresterte aksjonistane. Foto:

Raudt i Sogn og Fjordane har starta innsamling til å støtte sivil ulydnad mot drift av Nordic Mining si planlagde gruve.

DEL

Nordic Mining har søkt Direktoratet for Mineralforvaltning om driftskonsesjon, noko som må til for å starte gruvedrift på Engebøfjellet, med dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

– Raudt Sogn og Fjordane går sterkt imot Nordic Mining sitt prosjekt, som inneber storstila dumping av avfallsmassar i sjøen og ope dagbrot. Vi viser til at det finst eit alternativ på plass; eit gruveselskap som har lagt fram truverdige planar om gruvedrift i Engebøfjellet, utan dei miljøskadane Nordic Mining sitt prosjekt kjem til å påføre både fjord og fjell, lyder det frå årsmøtet til Raudt i Sogn og Fjordane den 9. februar.

Raudt Sogn og Fjordane har løyvd 1000 kr som start på ein eigen innsamlingsaksjon.  Aksjonen skal vere ei økonomisk støtte til dei som eventuelt blir bøtlagde for å stoppe den planlagde øydelegginga av Førdefjorden og Engebøfjellet. Natur og Ungdom har varsla at det kjem til å bli brukt sivil ulydnad mot Nordic Mining sine planar.  Raudt støttar slike mottiltak fullt ut, og nokre av våre medlemar kjem til å følgje Natur og Ungdom sitt eksempel.
 

Raudt Sogn og Fjordane støtter gruvedrift utan sjødeponi og med minimal negativ miljøpåverknad. No har vi for første gang i gruveindustrien si historie i Noreg eit gruveselskap som har slike miljøambisjonar, og det skal støttast som førebilete for framtidas gruvedrift i Noreg.

Artikkeltags