Frp vil splitte Sogn og Fjordane i to

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Vil slå saman Sogn og Sunnfjord med Hordaland og Rogaland – medan Nordfjord må innlemmast i Møre og Romsdal.

DEL

Slik ser Frp for seg det framtidige vestlandskartet, skriv Bergens Tidende og Firda.

– Vi har erkjent at ein ikkje klarar å skape ein vestlandsregion som strekker seg heilt til trøndelagsgrensa. I Møre og Romsdal lever vi godt med om vi får Nordfjord over til oss. Ein må ikkje sjå seg blind på at heile fylke skal overleve denne prosessen, seier parlamentariske leiar i Frp, Harald Tom Nesvik.

Utfordre Oslo-makta

Saman med Helge André Njåastad (Frp), leiar for kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, har han denne veka vore på vestlandsturné. Eitt av fleire tema som har blitt diskutert er regjeringa sitt arbeid med å slå saman dagens 19 fylke til ca. 10.

– For meg er det viktigaste at Hordaland og Rogaland blir ein del av den same eininga. Saman med Sunnfjord og Sogn blir dette ein sterk region som kan utfordre Oslo-makta, seier Helge André Njåstad.

– Provoserande

Men denne ideen støttar ikkje fylkesordførar Jenny Følling.

– Det er totalt uakseptabelt. Er det ein ting vi er einige om i Sogn og Fjordane så er det at vårt fylke skal vere samla. Dette gav vi også klar beskjed om då vi var i møte med regjeringa i går, seier Følling.

Heller ikkje Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) likar utspelet til Frp-politikarane.

– Eg synest dette er provoserande. Her prøver dei å splitte det fylket som prøver å få til eit samla vestland, medan de lønar det fylket som heile vegen har streta mot.

Artikkeltags