Påvist farleg laksevirus- slaktar ut anlegg

Den smitta laksen i Sogn blir no slakta ut.

Den smitta laksen i Sogn blir no slakta ut. Foto:

Mattilsynet ser svært alvorleg på at det er påvist ein uventa virusvariant på oppdrettslaks i Sogn og Fjordane.

DEL

Mattilsynet melder det er påvist PD forårsaka av virusvariantane SAV2 og SAV3 i eit MOWI-anlegg rett vest av Brekke i Sogn. Anlegget er eigd av Marine Harvest, som no har teke namnet Mowi. Dette melder Kyst.no. Påvising av viruset vart gjort i november og det er innført kraftige restriksjonar for om mogleg å stoppe spreiing av smittestoffet.

– Mowi slaktar ut laksen på eige initiativ og vi kartlegg no om denne varianten av viruset finst i andre anlegg i området. Vi undersøker også for å finne ut av moglege smittevegar i dette tilfellet, seier veterinær og fagrådgjevar Cecilie Ihle i Mattilsynet.

- Kor gode er sjansane for at utslaktinga kan stoppe spreiinga? 

- Det avheng av kor lenge anlegget har hatt smitta fisk, og kor stor grad det er av smittekontakt med andre anlegg. Det er ikkje berre avstand i sjø som er avgjerande, men straum- og vindforhold spelar også ei rolle. I tillegg er det andre faktorer som bruk av utstyr for å handtere og avluse fisken. Så lenge fisken står i anlegget representerer den ein smitterisiko for øvrige anlegg.

( Artikkel held fram under kartet.)

Her er ILA-sjukdommen påvist.

Her er ILA-sjukdommen påvist. Foto:

- Er denne virusvarianten eit større trugsmål enn den andre ? 

- I vårt område har næringa store utfordringar og høg dødelegheit knytt til SAV3. Introduksjon av SAV2 vil kunne gje ei uønskt tilleggsbelastning. Konsekvensane av infeksjon med begge subtypane hos fisken er usikre. Som eit føre-var prinsipp ønsker vi derfor å hindre spreiing av SAV2.  Det er ikkje rett å seie at SAV2 utgjer ein større risiko enn SAV3, men vi ønsker ikkje å forsterke problemet inn i dette området.

Det er mange anlegg i området både på sør og nordsida av Sognefjorden og anlegg nærare enn 30 km frå den smitta lokaliteten blir følgt tett opp.

Pankreassjukdom (PD)

Pankreassjukdom (Pancreas Disease – PD) er ein alvorleg sjukdom med store økonomiske tap for oppdrettarane på grunn av dårleg tilvekst og redusert slaktekvalitet.

Funn eller mistanke om PD skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Årsaka til PD er eit virus kalla Salmonid alfavirus (SAV) eller PD-virus. Det finst i fem variantar.

Variant SAV2 har så langt vore påvist nord for Stadt.

Det er no forbode å flytte fisk og utstyr frå anlegget utan særskilt løyve frå Mattilsynet og MOWI er i gang med å slakte ut fisken.

Artikkeltags