Tiltalt for grov vald mot sonen sin

DEL

Ein mann er i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for å ha utøvd vald mot sonen sin. Han skal ifølge tiltalen ha slege sonen sin med beltet, hovudsakleg på beina og armene. Guten fekk fleire blåmerke etter valden.

Mannen er tiltalt etter Straffelova §272 jf. §271, for grov vald mot ein annan person. Medan brot på §271 blir straffa med eitt år i fengsel, er straffa for grov kroppskrenking etter §272 på 6 år i fengsel. Kva paragraf tilfellet av vald fell innunder, kjem an på ein del faktorar som går inn i ei heilskapsvurdering. Straffenivået aukar om valden har ført til sterk smerte, skade eller død. Har valden skjedd mot ein forsvarslaus, typisk eldre eller yngre person, blir straffa skjerpa. Det same gjeld dersom valden ber preg av mishandling.

Artikkeltags