Mann i 20-åra tiltalt for truslar og for å ha knust ei flaske i hovudet på ein annan

DEL

Ein mann i 20-åra må møte i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for fleire tilfelle av vald og truslar. Ifølge tiltalen skal han attende i 2017 ha framsett truslar om å knekke knea og slite menisken til ein namngitt person. Han skal samstundes ha uttalt at han kom til å ta livet av han, og at han lova det av heile hjartet.

Han skal også ha kontakta ein person per telefon, trass i at han var pålagt besøksforbod mot denne personen.

Eitt år seinare skal han ifølge tiltalen ha slått ei glasflaske i hovudet til ein mann, slik at han fekk skade i hovudet. Han skal også ha teke tak i ansiktet til ein annan mann og dytta det bakover.

Det er sett av to dagar til saka i tingretten.

Artikkeltags