Dyrka cannabis, kjøpte amfetamin og køyrde i fylla

Florømannen valde å ta tilståingsdom for lovbrota han møtte i retten for no i desember.

Florømannen valde å ta tilståingsdom for lovbrota han møtte i retten for no i desember.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

10 månaders fengselsstraff for florømann.

DEL

Sogn og Fjordane tingrett har dømd ein florømann til fengel i ti månader for brot på diverse lover, inkludert straffelova, vegtrafikklova og legemiddelova.

Mannen tilstod i retten at han hadde dyrka marihuana i eigen bustad i Florø, og at han hadde kjøpt 90 gram amfetamin, der han selde vidare delar av det narkotiske stoffet.

Han blei også dømd for promillekøyring, etter at politiet stogga han vinteren 2017 i sentrum av Florø og ei blodprøve viste ein alkoholpromille på 1,59. At han i tillegg køyrde bil utan å ha gyldig førarkort, og hadde ein passasjer med i bilen, gjorde ikkje saka hans betre.

Tingretten meinte også at brota på vegtrafikklova var såpass graverande, at dei frådømde mannen retten til å ta sertifikat på nytt for all framtid. Han fekk i tillegg til fengselsstraffa ei bot på 20.000 kroner.

Artikkeltags