Mann tiltalt for valdstruslar mot to kvinner

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein mann i 50-åra er tiltalt av politiet for fleire tilfelle av alvorlege truslar mot to kvinner.

Gjennom fleire falske facebook-kontoar skal mannen ifølge tiltalen ha truga kvinnene med vald. Han skal mellom anna ha skrive til ei av dei at «det kjem til å gå veldig gale» for ho og fleire andre namngjevne personar, dersom ho ikkje betalte ein «gangster». Han skal også ha lagt til at denne hadde kontaktar, og at namngjevne personar hadde ein pris på hovudet sitt.

Han er også tiltalt for å ha sendt truslar om vald til ei av kvinnene via SMS, og skal også to dagar etter oppsøkt ho og ropt drapstruslar utanfor vindauget hennar. I det samme tidsrommet skal han også sendt truslar via Facebook til henne.

På eit tidspunkt skal mannen, ifølge tiltalen, ha kontakta begge kvinnene trass i at han var pålagt besøks- og kontaktsforbod.

Saka mot mannen skal opp i Sogn og Fjordane tingrett i slutten av august.

Artikkeltags