Tidlegare fylkestopp ankar dommen

RETTSSAK: Aktor Magnus Engh Juel (t.v.) og forsvarar Stig Nybø under rettssaka mot den tidlegare fylkestoppen.

RETTSSAK: Aktor Magnus Engh Juel (t.v.) og forsvarar Stig Nybø under rettssaka mot den tidlegare fylkestoppen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Mannen vart dømd til to år i fengsel og til å betale 2,7 millionar kroner i erstatning etter økonomisk utruskap mot fylkeskommunen. No ankar han.

DEL

– Dommen er feil. Han har erkjent utruskap for kring 200.000 kroner. Utover det har han ikkje vedgått noko som helst, seier forsvarar Stig Nybø til NRK Sogn og Fjordane, og stadfestar at dommen blir anka til Gulating lagmannsrett.

Mannen vart i Sogn og Fjordane tingrett dømd til to år i fengsel og til å betale 2,7 millionar kroner i  erstatning til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

LES OGSÅ: Fylkestopp dømd for underslag – må sitje to år i fengsel

Den tidlegare fylkestoppen stod tiltalt for økonomisk utruskap av 3,7 millioner kroner. Frå 2011 skal han ha kjøpt utstyr til seg sjølv og familien, og fotballklubben han sat i styret for skal ha brukt ein del av det fylkeskommunale utstyret.

Politiet gjorde 800 beslag i saka:  Her er beslaget som gjer at tiltalen er på 3,7 millionar kroner

LES OGSÅ:

Like før han blei arrestert flytta han tre til fire billass med utstyr til klubbhuset

Åtte kaffikanner som er brukt på stadion nyleg, vart for få dagar levert inn som bevismateriale

Fylkestopp må svare for innkjøp av filmutstyr og sjampanjekjølarar 

Artikkeltags