Dei kjøpte to kilo hasj og skulle frakte det til Florø. Men så kom politiet.

TINGRETTEN: Ein mann i 20-åra frå Flora må møte i Sogn og Fjordane tingrett i januar, tiltalt for å ha medverka til kjøp av 1,9 kilo hasj.

DEL

Hordaland og Sogn og Fjordane statsadvokatembete har no tiltalt mannen i 20-åra for medverknad til grovt narkotikabrotsverk.

Bakgrunnen er at han ilag med ein annan mann skal han ha organisert kjøp av 1,9 kilo hasj i Oslo. Den andre mannen tok narkotikaen med seg på nattbussen frå Oslo til Sogn og Fjordane.

Men hasjen nådde aldri heilt fram. Politiet troppa opp på bussen då den stansa Skei i sekstida om morgonen, og beslagla narkotikaen.

Mannen er tiltalt etter straffelova paragraf 232, om grovt narkotikabrotsverk, med ei strafferamme på 3 til 15 år i fengsel.

Statsadvokaten har varsla at dei også vil nytte paragraf 79 bokstav a i Straffelova. Den seier at fengselsstraffen kan inntil doblast om lovbrytaren har begått eit eller fleire andre lovbrot, og det skal idømmast felles straff. Straffa kan uansett ikkje overskride maksimumstraffen på 21 år.

Artikkeltags