Teateret skiftar namn

Foto:

Frå og med 2020 heiter det ikkje lenger Sogn og Fjordane Teater. Det nye namnet er Teater Vestland. 

DEL

Dette vart bestemt då eigarane til teateret (Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune) var samla til ei ekstraordinær generalforsamling fredag 20. september. Tida fram til dette vedtaket har vore prega av grundig arbeid. Mange ulike omsyn har blitt vegne opp mot kvarandre, og fleire namn har vore oppe til vurdering, skriv dei i ei pressemelding.


Teatersjef Bodil Kvamme peikar på at det er nokre klare fordelar med det nye namnet.

— Det seier noko handfast om kvar vi er. Og så likar eg at «Teater» kjem først i namnet. Det er kjerna i alt vi gjer, seier teatersjef Bodil Kvamme.



Vere med på å styrke samhaldet


Bakgrunnen for namneendringa er at stortinget har bestemt at fylkeskartet skal teiknast på nytt. Dei to fylka våre skal bli eitt under namnet Vestland.


Ved å skifte namn til Teater Vestland, seier vi klart og tydeleg at vi er eit teater for alle i det nye fylket.


— Som regionteater i eit større fylke er det viktig å inkludere alle. Vi vil bidra til å finne den felles kulturen som knyter vestlendingane saman i dag og i morgon. På den måten kan vi styrke samhaldet, meiner teatersjef Bodil Kvamme.



Bidra med unik turnéerfaring


Teateret produserer framsyningar som held så høg kunstnarleg kvalitet at fleire bør få sjå dei. I tillegg er vi det største turnerande teateret i regionen, og har høg turnéaktivitet. Teateret har unik erfaring med å sende teaterstykke ut på vegen. Vi har gjennom fleire tiår vist at inga logistisk utfordring er for stor - og ingen tunnel for trong - når det gjeld å frakte teateret sitt magiske univers heim til folk.


— Målet vårt er å gi teater til alle vestlendingar, i Nordfjord så vel som i Nordhordland, i Sogn så vel som i Sunnhordaland, og i Sunnfjord så vel som i Hardanger og i resten av Hordaland, seier teatersjef Bodil Kvamme og held fram:


— På sikt trur eg at det nye namnet vil forankre oss som heile Vestland sitt teater. Det er ikkje dei og oss - det er vi.

Artikkeltags