Teateret feirar 40 år med ny sjef

solrun

solrun Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Solrun Toft Iversen er konstituert som teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater ut februar neste år. Ho byr saman med resten av teateret opp til musikalsk komedie.

DEL

I 2017 er det 40 år sidan eventyret Sogn og Fjordane Teater starta. Dette skal feirast, og allereie no startar billettsalet av jubileumsframsyninga, som vert den musikalske komedien «Evig Ung», med premiere 10. februar 2017. Det skriv Firda.

– Sogn og Fjordane Teater er ein særdeles spenstig førtiåring, og det ønsker vi å feire med ei forrykande framsyning. Etter fire tiår kan vi sjå tilbake på gode minne og eit vell av turnear. Det gjev høve til å vere medviten om kvar ein kjem frå og kvar ein gjerne vil gå vidare. Det er også eit godt høve til å feire, og slike sjansar skal vi ikkje la gå frå oss, seier konstituert teatersjef Solrun Toft Iversen i ei pressemelding.

Konstituert teatersjef

Solrun Toft Iversen er konstituert som teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater. Ho har sidan mars i år vore knytt til teateret som kunstnarleg rådgjevar.

Toft Iversen er 45 år, og kjem frå Sotra.

Ho er utdanna dramaturg ved Århus universitet og har også studert teatervitskap ved Universitetet i Bergen. Tidlegare har Toft Iversen arbeidd med ny dansk dramatikk og utvikling av nye sceniske konsept, mellom anna på Teater Katapult og ved Alexandra-instituttet i Århus. Ho har mellom anna vore forfattar for Gyldendal forlag på «Dansk Teaterleksikon» og har undervist i dramaturgi og scenetekst ved ulike universitet, på skrivekunstakademiet og ved Khio.

Toft Iversen har vore fast tilknytt Den Nationale Scene sidan 2009, der ho er sjefsdramaturg. Som dramatikar står ho bak «Ulverock», «Momo eller kampen om tiden» og «Ibsen på Engen». Ho har også vore produksjonsdramaturg på ei rekke framsyningar, t.d. «Sånne som oss», «Hellemyrsfolket» og «Vår ære/ Vår makt» som hausta heile tre Hedda-prisar tidlegare i år.

Feirar med musikalsk komedie

Sogn og Fjordane Teater skal feire jubileet sitt med framsyninga «Evig ung». Der flyttar vi 40 år fram i tid til 2057, og Sogn og Fjordane Teater fungerer no som ein gamleheim for tidlegare skodespelarar. Dei avdanka skodespelarane har resignert mot overformynderi og nedlatande aktiviseringstiltak – heilt til pleiarane snur ryggen til.

For under den trøytte overflata murrar ekkoet frå ei tid då dei var radikale og opprørske. Og når pleiarane ikkje ser og ikkje høyrer, vert dei indre rebellane vekte til live att. Det bryt ut song, latter og dans, og dei presterer som dei gjorde på scena for 40 år sidan. Det er framleis mykje saft og kraft i desse kroppane, og dei er slett ikkje så resignerte som det kan sjå ut som. Når ingen ser dei, minnest dei karrierane sine og tida på Sogn og Fjordane Teater gjennom song og musikk.

Ved pianoet på scena finn vi pianist Harald Dahlstrøm i den musikalske komedien. Han akkompagnerer skodespelarane i kjende pop- og rockelåtar frå dei siste 50 åra. Songane vi kjenner så godt er blant anna «You can leave your hat on», «I love rock and roll», «Stayin alive», «I will survive» og «I got you babe». Lokale folkekjære songar finn også sin plass i denne framsyninga.

– Dette er ei hyllest til tidlegare framsyningar, eit høve til å dyrke felles minne og nynne med på ein song. Og mellom latter, singalong og musikalske perler ligg også eit varsku om at vi må hugse å verne om desse stundene. Hugse å sjå framover også når vi minnest, så vi kan trygge rammene for å dele opplevingar, kunst og kultur med kvarandre, også i framtida, seier teatersjef Solrun Toft Iversen.

Artikkeltags