Juleevangeliet frå ein annan vinkel

Idun Losnegård i rolla som Miriam. Foto: Oddleiv Apneseth

Idun Losnegård i rolla som Miriam. Foto: Oddleiv Apneseth

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Det er Idun Losnegård som gir Miriam, storesystera til Josef, stemme og liv. 15 av kyrkjene i fylket har fått besøk av henne, og fredag er det Eikefjord sin tur. Forteljinga er den same som vi er vane med, men samstundes ny fordi vi får sjå det som hende med hennar blikk.

Framsyninga vekslar mellom intime tankar, glede og uro – og den politiske og historiske himmelen som spenner seg over dei.

Etter å ha jobba med juleevangeliet i lengre tid, har skodespelar Idun Losnegård også gjort seg nokre tankar om både denne historia og om julehøgtida i seg sjølv.

– Det har slått meg at dei fleste songar og salmar vi syng i jula, dei handlar om fred. Og i det kaoset som regjerte på tida for Miriam si forteljing, gjev det verkeleg meining. Men det same er sant i dag for sjølv om vi her heime kan sjå fram til at julefreden senkar seg, så betyr dette ordet noko heilt konkret for tallause menneske verda over, seier Losnegård.

– Idun er heilt fantastisk på scena! Med sitt nærvær og sin munnlege stil gjer ho Miriam verkeleg levande. Første gong vi hadde prøver i ei kyrkje gjorde det eit veldig inntrykk, det må nesten berre opplevast, seier regissør Marit Østbye.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken