73 prosent auke i tal saker om seksuelle overgrep

Politimester Kaare Songstad tek over for Ronny Iden i det det nye store Politidistrikt Vest blir oppretta.

Politimester Kaare Songstad tek over for Ronny Iden i det det nye store Politidistrikt Vest blir oppretta. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Medan tal melde lovbrot samla sett gjekk ned i 2016, auka talet på seksuallovbrot.

DEL

Talet på melde lovbrot i 2016 er det lågaste nivået i siste femårsperiode. Det syner tala for kriminalitetsutvikling, straffesakshandsaming og politiets operative innsats i Vest politidistrikt for 2016.

Vest politidistrikt vart oppretta 1. januar 2016 då Sogn og Fjordane politidistrikt og Hordaland politidistrikt vart slegne saman. Dette er første gong at det nye distriktet legg fram ein samla rapport, melder Firda.

Fleire seksuallovbrot

Men sjølv om talet på nokre typar kriminalitet går tilbake, var det ein auke på heile 30,9 prosent i talet på seksuallovbrot. Den største kategorien innan seksuallovbrot er valdtektssaker.

Det var òg ein kraftig auke i talet på saker som gjeld seksuelle overgrep mot barn, og her har det dei to siste åra vore ein auke på 73 prosent. Det har vore eit rekordhøgt tal saker som gjeld seksuallovbrot mot barn i 2016. Talet på gjennomførte tilrettelagde avhøyr av born og personar med psykisk utviklingshemming auka med 38,2 prosent.

Færre narkotikalovbrot

Etter fleire år med eit høgt tal på narkotikalovbrot, har det vore ein tydeleg nedgang i 2016. Ifølgje Kripos er dette er ein trend som gjeld heile landet. I perioden 2012–2014 var det svært høge tal på melde narkotikalovbrot, noko som politiet meiner skuldast dei opne russcena i Bergen sentrum, samt sterk merksemd retta mot hasjbruk i ungdomsmiljøet kring Bergen. Politiet nyttar no bortvisningar som alternativ reaksjon til å melde personar for bruk og eige av hasj. Dette trur politiet kan ha medverka til at talet på narkotikalovbrot er lågare enn tidlegare.

Vest politidistrikt har i 2016 òg hatt mange store og omfattande saker som gjeld grovare narkotikasaker i perioden. Dette er saker som i stor grad er knytt til personar og grupperingar av utanlandsk opphav. Sakene er komplekse og tidkrevjande å etterforske.

Eit anna satsingsområde for politiet har vore kampen mot dopingmiddel, noko som har resultert i at tal dopingsaker har auka med 45 prosent.

Den samla oppklaringsprosenten for Vest politidistrikt var i 2016 på 51,5 prosent, og distriktet har nådd dei sentrale måla om responstid.

Vest politidistrikt var òg det politidistriktet som hadde flest registrerte redningsaksjonar til lands og til sjøs i heile landet.

Forvaltning:

I 2016 uttransporterte politiet 305 personar utan lovleg opphald i Norge. Dette er det nest høgste talet dei siste fem åra.

Det har i 2016 òg vore ein kraftig auke i krav om utlegg, samt auke i talet på forkynningar om tvangssal, konkursvarsel og innkalling til konkurshandsaming i 2016. Dette gjer at politiet òg ventar auke både i forliksklager, krav om utlegg, og søknader om gjeldsordning utover i 2017.

Trafikk:

Talet på omkomne i trafikken er det lågaste i den siste fem årsperioden medan det var ein auke på 13 prosent i tal bilførarar som køyrde i rusa tilstand i 2016.

Svekka omdøme

Ei undersøking utført av Ipsos MMI i perioden 26. august til 7. oktober 2016, syner at berre 34 prosent har eit godt inntrykk av at politiet kjem rask til åstaden når dei blir tilkalla etter eit valdsbrotsverk, medan heile 21 prosent har eit dårleg inntrykk.

51 prosent er einig i at politiet kjem raskt til staden ved akutt behov for hjelp. Folks oppleving av at politiet er synleg i nærområdet har òg gått ned, både i Vest og for store deler av landet. Samstundes svarar 78 prosent at det er lett å kome i kontakt med politiet.

76 prosent av dei spurte seier dei har svært stor eller ganske stor tillit til politiet. Det er ein auke i tilliten blant menn sidan førre undersøking. På landsbasis er det 81 prosent av dei spurte som har stor og ganske stor tillit til politiet.

Ifølgje undersøkinga kjenner innbyggjarane seg trygge der dei bur og ferdast. 94 prosent seier dei kjenner seg «veldig» eller ganske trygg. Med unntak av i trafikken, svindel på internett og identitetstjuveri, er innbyggarane i liten grad uroa for å bli utsett for ulike hendingar.

Artikkeltags