Kvinne (41) alvorleg skadd etter sykkelvelt

Årsaka til uhellet var at den eine syklisten fall og tok med seg fleire syklistar.

Årsaka til uhellet var at den eine syklisten fall og tok med seg fleire syklistar. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Tre syklistar er skadde etter ein massevelt på riksveg 5 ved Eikefjord i dag.

Ei 41 år gammal kvinne er alvorleg skadd. Ho blei først send til Førde sentralsjukehus i luftambulanse, men er no send vidare til Haukeland sjukhus.

I tillegg er to menn på 51 og 55 år lettare skadde.

Klokka 12.42: Politiet melder om ei sykkelulykke på riksveg 5 ved Eikefjord.

Klokka 13.15: Naudetatane og luftambulanse er på staden.

– Fire tråsyklistar er skadde, den eine av dei er alvorleg skadd. Det er enno uvisst kva som har skjedd, seier politioverbetjent Kai Myklebust ved Vest politidistrikt. Han fortel at dei skadde blir tekne hand om av helsepersonell på staden.

Klokka 13.30: Politiet melder at det var ni syklistar i følgje på trening. Årsaka til uhellet var at den eine syklisten fall og tok med seg fleire syklistar i fallet. Det var ingen køyrety involvert i ulukka.

– Følget var frå Florø Cykleklubb. Dei hadde sykla til Ramstadheia og var på veg attende til Florø då ulukka skjedde. Årsaka til fallet er ikkje kjent, seier innsatsleiar Åge Løseth.

Klokka 13.33: Politiet melder at to menn er moderat skadde og er sende med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Ei kvinne er hardt skadd og er send til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Vegen var stengt fram til om lag klokka 14, men då melde politiet at vegen er opna att for fri ferdsel.

Firda har snakka med ein av syklistane i følget. Ifølge Rune Horgen hadde dei ein fart på rundt 50 km/t då ulukka skjedde.

– Det var ikkje farten som direkte var årsaka, men vi veit ikkje heilt kva som har skjedd. Sykling er ikkje farleg, seier han og peikar på at dette er den tredje alvorlege hendinga sykkelklubben har hatt på 30 år.

Artikkeltags